Hopp til innhold

Nord-Trøndelag best på ambulanse

Ambulansetenesta i Nord-Trøndelag er klart best, i følgje Statens helsetilsyn.

Ambulanse

Illustrasjonsbilde

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

- Vi har lagt mykje jobbing i ambulansetenesta vår over lang tid. Det er ambulansepersonell som er først på staden, så det er viktig at dei er godt opplært, seier administrerande direktør i Helse Nord-Trøndelag, Arne Flaat.

Best i nord

Helse Midt-Norge er mellom dei beste i landet når det gjeld ambulansetenesta. Ei landsomfattande kartlegging av bemanning og kompetanse til personellet på alle ambulansebilar viser at Helse Midt-Norge er ein av regionane med mest bemanning.

Og han har grunn til å vere nøgd. Helse Nord-Trøndelag er det beste helseføretaket i testen, og innfrir krava 100 prosent. Nord-Trøndelag er det einaste føretaket som ikkje hadde nokon avvik i undersøkinga, medan Helse Midt-Norge samla hadde 88 prosent av ambulansane bemanning med kompetanse i samsvar med kompetansekrava.

Flaat veit ikkje kvifor Nord-Trøndelag kjem betre ut enn Sør-Trøndelag. Men noko har han gjort.

Arne Flaat, adm. dir. Helse Nord-Trøndelag

Administrerande direktlr i Helse Nord-Trøndelag, Arne Flaat.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

- Vi har avvikla heimevaktordninga og har no berre stasjonsvakter. Eg er svært nøgd med situasjonen og personellet gjer faglig ein svært god jobb, seier Flaat.

Tilfeldig dag

Kartlegginga føregjekk ved at Statens helsetilsyn i løpet av ein dag undersøkte talet på ambulansar, personell og kompetanse med alle helseføretaka. Helsetilsynet meldte frå om at dei skulle ha ei undersøking, men ikkje når. 14. juli slo dei til.

I Helse Midt-Norge var 90 bilar i beredskap, noko som gir 1 bil per 7000 innbyggjarar. På landsbasis var det 1 bil per 10 000 innbyggjarar.

22 prosent av ambulansane i Noreg hadde ikkje bemanning som oppfylte ikkje krava til kompetanse, men har i følgje Statens helsetilsyn samla sett ein forvarlig kompetanse.