Hopp til innhold

Kjerkol inn i sentralstyret

I dag vart Stjørdalingen Ingvil Kjerkol valt inn sentralstyret til Ap.

Med 149 mot 144 stemmer fekk Ingvild Kjerkol plass i sentralstyret til Arbeidarpartiet i kampen mot Solveig Rindhølen frå Oppland.

Støtta av valkommiteen

Under landsmøtet til Ap var 33-åringen frå Stjørdal valkomiteen sitt forslag, då salen foreslo Rindhølen, fordi Oppland sto utan ein kandidat i sentralstyret.

Både Trondheim sin ordførar Rita Ottervik, helseminister Bjarne Håkon Hanssen og valkomiteens leiar Hill Marta Solberg tala Kjerkol sin sak frå talarstolen før den knappe sigeren.

Viktig oppgåve

Sentralstyret består av 20 medlemmar valt av landsmøtet. Desse leier og han ansvaret for partiet si verksemd. Det er dei som ser til at vedtaka til partiet vert gjennomførte, og som avgjer administrasjonsspørsmål.

Engasjert

Til dagleg er Kjerkol næringspolitisk rådgivar i Allskog. 33 åringen frå Stjørdal har vore medlem av kommunestyret sidan 1995, og medlem av Fylkestinget i Nord-Trøndelag sidan 2003.

Ho er no gruppeleiar for fylkestinggruppa. I tillegg er ho 1. vara til Stortinget for Nord-Trøndelag Arbeidarparti.