Hopp til innhold

- Enorm belastning

Politiets fellesforbund i Sør-Trøndelag er opprørt over at det har blitt hengt opp plakatar med namn og bilder av den eine Obiora-politimannen.

Politimann uthengt i Obiorasaken.
Foto: Kristian Ervik / NRK

På plakatane som heng i Bergen står det blant anna "Stopp denne mannen før han dreper igjen". Bjørn Enge, leiar i Politiets Fellesforbund reagerar kraftig på den siste identifiseringa, og det han meiner er ei grov uthenging:

- Dette kjem i rekka av mange andre alvorlege uthengingar.

 

Respektlaust

Dei personane som har hengt opp plakatane har ingen respekt for prosessen som er i gang. Det er respektlaust og useriøst, seier Enge.

Ein av dei som står bak plakaten er Mikkel Gruner i etnisk likestillingsgruppe i Sv. Partiet sit i regjering, og Enge i Politiets Fellesforbund meiner utspelet, i kraft av Sv sin posisjon er alvorleg:

- Frå før har ein hatt utspel frå ulike politiske miljø og parti. Det er særs alvorleg når folk frå seriøse politiske parti går ut på denne måten, og det må handterast der etter.

Tøft for involverte

Identifiseringa har gått hardt ut på dei involverte politifolka, fortel Enge, leiar i Politiets Fellesforbund i Sør-Trøndelag:

- For dei er det ei enorm belastning. Dei har som utgangspunkt at dei har gjort ein jobb, som Spesialeinheita har konkludert med at det ikkje er grunn til å rette tiltale mot. Då er det ei enorm belastning å bli hengt ut med namn og bilde, og ytterlege påstandar ingen kjenner seg igjen i.