Hopp til innhold

Målstipend til trønderrockarar

Gruppa An10 Boyband frå Snåsa og Verdal har fått 50.000 kroner i stipend frå Noregs Mållag.

An10 Boyband
Foto: Kjartan Helleve

 

Lars Moa med Målblomen 2007
Foto: Kjartan Helleve

Stipendet er eit av to som Mållaget deler ut for å fremje nynorsken på nye områder, og vart delt ut på landsmøtet på Hell i helga.

An10 Boyband vil bruke stipendet til å spele inn plate og reise på turné. Hardrockbandet kvitterte for stipendet ved å spele for landsmøtet.

Lars Moa frå Stjørdal fekk elles Målblome for lang og tru teneste i målrørsla og for arbeidet med å gjere færøysk litteratur kjend i Noreg. Han har gitt ut tre bøker og ei ny kjem snart på Det Norske Samlaget: "Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn".

 

 

An10 Boyband
Foto: Kjartan Helleve