Hopp til innhold

Fryktar nytt EU-direktiv skal føre til det komplette vogntogkaoset

Så sikkert som at vinteren kjem er det at vogntog på vogntog står på halv åtte langs norske vintervegar. Men no kan problemet bli endå verre. Dei norske sjåførane fryktar dei skal bli ståande bom fast.

Inge Råheim fryktar det skal bli meir kaos på vegane om det nye EU-direktivet blir innført

FRYKTAR KAOS: Lastebilnæringa fryktar det kan bli langt fleire utforkøyringar med vogntog langs vegane om eit nytt EU-direktiv blir innført. – Det vil vere galskap, seier transporteigar Inge Råheim.

Foto: Montasje: Eva Marie Felde/Stig Morten Waage / NRK

Den norske lastebilnæringa fryktar det komplette kaos på norske vintervegar om eit nytt EU-direktiv blir innført. I kvar ein bakke kjem norske vogntog til å bli ståande faste, varslar ei svært frustrert næring.

Oppslaga om norske og utanlandske vogntog som har fått problem på glatta har vore mange dei siste vintrane. Men no kan det bli langt, langt verre, skal ein tru på dei norske lastebilsjåførane.

For eit av dei viktigaste verkemidla for å sikre at norske lastebilar kan ta seg fram på glatte vintervegar kan no bli ulovleg. Norske vogntog har utstyr som gjer at dei kan overføre meir vekt til drivakslingen og på den måten enklare ta seg fram på glatta.

Men eit nytt EU-direktiv vil forby dette, noko den norske lastebilnæringa meiner er fullstendig uansvarleg.

Inge Råheim som driv Råheim Transport i Førde er mildt sagt oppgitt.

– Får vi ikkje halde fram med å overføre vekt til drivakslingen vil det vere galskap.

– Det kjem til å stoppe opp aldeles, seier han og ristar på hovudet.

Brukar utstyret både støtt og stadig

Inge Råheim er styremedlem av Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, og driv også sitt eige transportfirma. Han ser med skrekk og gru på det som kan bli framtida på norske vintervegar.

Inne i ein av tankbilane som hentar mjølk rundt om kring på gardane viser han fram knappen som til no har gjort kvardagen for sjåførane hans mykje enklare på glatte vintervegar.

Med eitt trykk på knappen kan han enkelt løfte opp eine akslingen på bilen og såleis overføre meir vekt til drivhjula. Slik sikrar sjåføren seg enkelt betre veggrep når vegen er både glatt og bratt.

– Køyrer du på ein plass der det er kupert, for eksempel mellom Førde og Bergen brukar du denne knappen heile dagen, seier han og meiner utstyret er heilt nødvendig skal ein få varer fram på norske vintervegar.

Å legge på kjettingar vil ikkje nødvendigvis hjelpe på. Utan nok trykk på drivakslingen vil bilane berre bli ståande å spinne på same staden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Akselløft

KNAPP: Med ein knapp på dashbordet kan sjåføren lett overføre meir vekt til drivakslingen og på den måten få meir trykk på drivhjula. Slik sikrar dei seg betre veggrep på glatte og bratte vintervegar.

Foto: Montasje: Eva Marie Felde / NRK

– Vi har ikkje noko på vegen å gjere utan

Råheim meiner det vil vere umogleg å halde fram med transport på norske vegar om direktivet blir innført.

– Utan moglegheita til å få meir trykk på drivakslingen har vi ikkje noko på vegen å gjere. Vi kjem oss ikkje fram, seier han til NRK.no.

Fryktar dramatiske konsekvensar

Utanlandske vogntog er oftast ikkje utrusta med dette utstyret. Det er ein av grunnane til at dei får store problem på norske vintervegar, meiner Geir A. Mo som er administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund.

Han fryktar dramatiske konsekvensar om ikkje norske vogntog får nytte seg av utstyret.

– Vi vil få mykje dårlegare framkomst. Bilane kjem ikkje til å komme seg opp verken bratte bakkar eller over fjellovergangane. Dei blir rett og slett ståande faste, seier Mo til NRK.no.

Har sett at det byr på utfordringar

I desember i fjor fortalde Arve Wangensteen ved Viking Redningsteneste i Vang, Årdal og Lærdal om ein hektisk start på sesongen. Vel 70 prosent av bergingsoppdraga dei har er av utanlandske køyrety, sa han til NRK.no.

Wangensteen har mange års erfaring som bilbergingssjåfør og har sett at det er store fordelar med bilar som kan overføre meir trykk til drivakslingen.

– For dei utanlandske bilane handlar det mellom anna om at dei ikkje får fordelt trykk på drivakslingane, på grunn av køyretykombinasjonen dei brukar. Men ofte er det også sjølve vegen som blir problemet, sa Wangensteen til NRK.no sist vinter.

– Store delar avvegane over fjella er så smal at når to større køyrety møtast blir det stogg. Med nullføre og glatt vegbane er det ikkje alltid det hjelper med kjetting, sa den erfarne bilbergingssjåføren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Mo

FORNUFT: Geir A. Mo som er leiar i Norges Lastebileigarforbund håpar at nokon tek til fornuft og stoggar innføringa av EU-direktivet. – Norske vegar er ikkje bygde for dette, seier Mo til NRK.no.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

På høyring, men...

Forslaget om å forby såkalla akselløft er no ute på høyring, men Mo meiner Vegdirektoratet allereie har innført det.

– Vi har fått mange meldingar om at medlemmene våre ikkje får registrert nye bilar som ikkje tilfredsstiller dette håplause nye regelverket, seier Mo til NRK.no.

Saman med NHO Logistikk og Transport, og Maskinentrepenørenes Fellesorganisasjon har Norges Lastebileigarforbund sendt eit felles brev til Vegdirektoratet der dei ber dei utsetje innføringa av regelverket til saka er blitt skikkeleg handsama.

Ber om at «galskapen» blir stogga

Mo håpar dei ansvarlege tek til vet og forstår at eit slikt regelverk ikkje passar på norske vegar.

– Dei som har laga regelverket i Brussel har aldri vore i nærleiken av ein norsk vinterveg. Norske vegar er ikkje bygde for dette EU-direktivet, seier Mo.

Også den lokale transporteigaren i Førde håpar nokon snart tek til vet og får stogga det han meiner er galskap.

– Nokon må ta til fornuft.

– Kva gjer du om dette direktivet blir innført?

– Vi får køyre så langt som vi kjem, så får vi stå til vêret mildnar, sukkar han.

NRK har vore i kontakt med Vegdirektoratet, men dei har så langt ikkje hatt høve til å kommentere saka.