Laurdag kveld sperra vogntoget vegen ved Korpabakkane på Sognefjellet. Det blei ståande i rekkverket på det brattaste partiet.
Vegen blei stengd for store kjøretøy, medan små bilar kunne passere fram til nattestenginga frå 22–08.
Hengaren sklei ut
Søndag morgon fekk vogntoget hjelp og kunne køyre vidare mot Oppland. Men etter nokre kilometer blei det igjen problem. Denne gongen i Krossbosvingane.
Hengaren sklei sklidd ut i grøfta og låg på sida. Vogntoget sperra heile vegen og den blei heilt stengd.
– Litt over klokka halv ni søndag morgon fekk vi beskjed om at vegen var open. Men så sklir vogntoget ut på andre sida av fjellet og vi må stengje vegen heilt, sa Morten Hansen ved vegtrafikksentralen i Fyllingsdalen søndag morgon.
Klokka 13:20 melder Statens vegvesen at vegen no er open for fri ferdsel.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Vogntog bør ikkje køyre her
Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei ikkje tilrår at vogntog køyrer over fjellet på denne tida av året.
– Når det er snødekke, kan det bli problem både oppover og nedover. Det gjeld særleg på vestsida av fjellet, i Luster. Det er jo den høgste fjellovergangen i Norge og vogntog kan fort få problem her, seier han.