Hopp til innhold

Byrknes Auto med 14 millionar i minus i fjor

Transportverksemda Byrknes Auto i Gulen gjekk i fjor med over 14 millionar kroner i minus før skatt.

Trailer frå Byrknes Auto

KJEMPEUNDERSKOT: Bryknes Auto har gått med minustal fire av dei fem siste åra. I fjor viste rekneskapen 14 millionar kroner i minus.

Foto: Byrknes Auto

Styreleiar Stein-Inge Larsen gjer høge dieselprisar og utanlandske selskap som dumpar prisane skulda for underskotet.

Med 14 raude millionar kroner i rekneskapen i fjor, har verksemda samla gått med kring 25 millionar kroner i minus sidan 2007.

– Det er sjølvsagt ikkje bra, men slik næringa er lagt opp i dag, med ulike rammevilkår, blir presset mot utlendingar og lågkostland for stor i høve til norske lønningar. Då misser ein anbod og må gjere tiltak og gjere det betre, seier han.

– Som venta

Fleire av transportselskapa går med minustal i år. Også dei viser til konkurranse frå utlandet og høge dieselprisar.

Byrknes Auto har sitt hovudkontor på Byrknesøy i Gulen. Dei eig 33 vogntog og har kring 100 tilsette fordelt på avdelingskontor i Oslo, Bergen, Ålesund og Tromsø. Larsen er ikkje uroa for framtida.

Resultatrekneskap i tusen kroner

 

2011

2010

2009

2008

2007

Driftsinntekter

293.629

276.380

267.339

235.804

130.173

Resultat før skatt

-14.412

821

-4.587

- 3.395

-2.277

– Nei, det er eg ikkje. Vi har hatt ein eksplosjonsvekst i firmaet, og det som ligg i tala er det som i utgangspunktet høyrest dumt ut, men som er som venta. Vi har gjort tiltak for å betre det.

Vil auke produksjonen

I løpet av dei siste fem åra, var det berre i 2010 at verksemda gjekk med plusstal. Då var overskotet før skatt på vel 800.000 kroner.

Dei siste to åra har Byrknes Auto vore på lista over såkalla gasellebedrifter, bedrifter som gjer det særskilt godt i sin bransje. I år kom altså smellen. Larsen meiner likevel at økonomien er på stell.

– Kapitalen kjem frå eigaren og vi gjer mykje med drifta vår og ser positivt på framtida. Tilsette blir verande der dei er, og vi vil auke produksjonen og omsetnaden, seier han.