Hopp til innhold

Kan selje seg ut av Firda Billag

Store underskot i Firda Billag gjer at den største eigarkommunen, Flora, no vurderer å selje seg ut av selskapet.

Bengt Solheim-Olsen

STØRSTE EIGAR: Bengt Solheim-Olsen og Flora er den største kommuneiegaren i Firda Billag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Transportselskapet Firda Billag har dei siste fira åra hatt eit samla underskot på om lag 11 millionar kroner. Bengt Solheim-Olsen er ordførar i Flora som er den største eigarkommunen i selskapet.

Han seier underskot år etter år ikkje er bra for dei.

– Skal det vere i Flora kommune si interesse å vere medeigar i Firda Billag og liknande selskap, så er det eit klart mål og ønskje at det skal gje kommunen ei økonomisk oppside, seier Solheim-Olsen til NRK.no.

Ventar på den rette kjøparen

Transportselskapet Firda Billag er eigd av 13 kommunar i Sogn og Fjordane, og Fylkeskommunen. Flora er den største av eigarkommunane og eig 14,5 prosent av Firda Billag.

Dei dårlege økonomiske resultata gjer no at ordføraren i kommunen vurderer å selje seg ut.

I fjor hadde nemleg selskapet ein underskot etter skatt på fem millionar kroner. Året før leverte selskapet eit plussresultat på beskjedne 370.000 kroner, medan det samla underskotet i 2008 og 2009 var på om lag seks millionar kroner.

– Viss det kjem kjøparar på bana som ønskjer å gjere noko skikkeleg positivt for selskapet, så burde vi absolutt vurdere å selje oss ut, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Firda Billag (baksida)

UNDERSKOT: Dei siste fire åra har Firda Billag hatt eit samla underskot på om lag 11 millionar kroner.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Direktør har trua på betre tider

Peter Midttun som er administrerande direktør i Firda Billag seier det er fleire grunnar til det store underskotet i fjor. Han ser samtidig positivt på tida framover.

– I januar 2011 kjøpte vi Fjord1 Transport, og i den samanheng vart det ein del ekstra kostnader. I tillegg har vi hatt ei utfordring med dieselkostnaden, seier Midttun.

– Kor tid trur du at de begynner å tene pengar igjen?

– Vi skal levere eit greitt resultat i 2012, og eg håpar at vi skal få gode tal igjen i 2013, seier direktøren.

Ingen fare for å tape pengar

Solheim-Olsen i Flora seier dei følgjer situasjonen.

– Opphavleg gjekk kommunen inn i slite selskap for å sørgje for at bussar og bilar skulle gå i det heile teke, men vi vil jo sjølvsagt måtte kontinuerleg vurderer eigarskapen i alle våre selskap, også Firda Billag, seier ordføraren i kystbyen.

Firda Billag har ein eigenkapital på 97 millionar kroner og det er ingen fare for at kommunane vil tape pengar på selskapet.