Hopp til innhold

Betre tider for transportnæringa

Dei fleste transportbedriftene i Sogn og Fjordane betra resultatet sitt frå 2010 til 2011.

Slinde transport

GODT ÅR FOR TRANSPORTNÆRINGA: Slinde Transport as var mellom bedriftene som betra resultatet.

Foto: Arne Eithun

Mellom bedriftene som tente meir pengar var Slinde Transport AS i Sogndal. Årsresultatet før skatt var i fjor 1.252.000 kroner, medan det i 2010 var 144.000 kroner.

Magne Ahlin er dagleg leiar for dei 30 tilsette i Slinde Transport AS. Han forklarar framgangen med at det generelt går bra i næringslivet og i landet elles.

– Transportnæringa er ein god indikator på tilstanden i næringslivet. Går det godt er det meir varer som skal fraktast. Det var tilfelle i 2011, difor gjekk det bra for oss.

Han seier at 2012 også ser ut til å bli eit godt år.

– Det er ikkje noko som tilseier at ikkje trenden frå i fjor held fram. Vi er underleverandør til ein av dei store aktørane i Norge, Tollpost Globe, og det er eitt av dei selskapa som har hatt størst vekst i 2011.

Magne Ahlin i Slinde Transport.

RULLAR INN PENGAR: Magne Ahlin i Slinde Transport kan konstatere at 2011 vart eit bra år.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Og Slinde Transport er slett ikkje åleine om å ha ei positiv utvikling. På Sande i Gaular er det to transportselskap som begge betra resultatet:

  • Magnus Nistad AS med 23 tilsette snudde eit underskot på 1.554.000 kroner i 2010 til eit årsresultat før skatt på 1.224.000 kroner i 2011.
  • Sygna Transport AS hadde eit årsresultat før skatt i fjor på 1.086.000 kroner, mot 629.000 kroner i pluss i 2010.

Per A. Øren AS best i klassen

Per A. Øren AS i Høyanger med 49 tilsette auka resultatet før skatt frå 1.395.000 kroner i 2010 til 3.052.000 kroner i 2011. Her må det nemnast at berre om lag halvparten av dei tilsette driv med transport, den andre halvparten arbeider i eit eige selskap som driv som maskinentreprenør.

Per A. Øren AS har greidd å omstille seg etter at dei miste transporten av bilfelgar frå Fundo, og Høyanger-selskapet er det som leverte det beste resultatet av dei transportbedriftene det er 2011-tal for.

Per A. Øren-bil

BEST I KLASSEN: Bilane til Per A. Øren AS køyrde inn eit bra overskot i 2011.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Per Bortheim Transport AS i Florø har 18 tilsette. Der vart eit minusresultat på 1.411.000 kroner i 2010 snudd til pluss: Eit resultat på 1.002.000 kroner i fjor.

Hoff & Knutson Transport AS i Førde har 33 tilsette. Dette firmaet auka resultatet før skatt frå 433.000 kroner i 2010 til 1.002.000 kroner i fjor.

Thor Tenden Transport AS unnatak

Unnataket frå den positive trenden er Thor Tenden Transport AS i Stryn. Det store transportfirmaet med 35 tilsette hadde eit resultat før skatt på 1.089.000 kroner i 2010. I fjor var det redusert til skarve 59.000 kroner.

Dagleg leiar Rolf Olav Tenden forklarar nedgangen slik:

– I 2011 var det i ein periode svært høg dieselpris som vi ikkje hadde teke høgde for i anboda, i tillegg etablerte vi vår eigen verkstad og tok avskrivingar på den, så det er ikkje nokon dramatikk i desse tala.

Tenden-vogntog ventar på tunnellarbeid

MYKJE VENTING: I fjor måtte vogntoga til Thor Tenden Transport AS stå mykje i ro på grunn av arbeid i tunnelane på Strynefjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I tillegg var arbeidet i tunnelane på Strynefjellet med lange stengingsperiodar ein hemsko for Thor Tenden Transport AS. Det kan det bli også i haust, men Rolf Olav Tenden trur dei skal takle det betre no.

– Vi har lært oss å køyre alternative ruter, og så håpar eg at det blir med dei to månadene med tunnelarbeid som er varsla frå 1. september.

Uansett ser 2012 langt lysare ut enn fjoråret, seier Tenden.

– Vi har over millionen i overskot i første halvår, og det er vi veldig nøgde med.

Men han seier at transportbransjen ikkje er noka gullgruve der eigarane kan rekne med store overskot.

– Det er høg aktivitet, men prisane er pressa, og det er vanskeleg å gje faste prisar når dieselprisen varierer så mykje som han gjer. Og når bilmateriellet skal skrivast ned på fem år så seier det seg sjølv at det ikkje er lett å få dei store overskota.

Rolf Olav Tenden

- 2012 BLIR BETRE: Dagleg leiar Rolf Olav Tenden.

Foto: Thor Tenden Transport

Byrknes Auto og Transferd manglar

2011-rekneskapen til dei to største transportselskapa i Sogn og Fjordane, Byrknes Auto AS på Byrknesøy og Transferd AS i Førde (tidlegare Firda Billag) er ikkje tilgjengeleg enno.

Transferd AS har 125 tilsette og hadde eit resultat før skatt på 6.927.000 kroner i 2010.

Byrknes Auto AS har 146 tilsette fordelt på Byrknesøy, Tromsø, Ålesund, Åsane og Oslo og er det 14. største transportselskapet i landet. 2010-rekneskapen viste eit resultat før skatt på 821.000 kroner, medan tala frå 2011 altså ikkje er tilgjengelege enno.

Heller ikkje for Standnes Transport AS i Sogndal er 2011-rekneskapen tilgjengeleg enno. Der var resultatet før skatt i 2010 på minus 341.000 kroner.

Transferd

MANGLAR ENNO: 2011-rekneskapen til Transferd AS er ikkje tilgjengeleg enno.

Foto: Oddleif Løset / NRK