Hopp til innhold

Fryktar for tusenvis av arbeidsplassar

– Tusenvis av arbeidsplassar i vår næring kan ryke når utanlandske vogntog kjem til Norge og brukar vegane våre, utan å betale noko.

Øren-trailer

BETALER MEIR: Norske vogntog taper i konkurranse mot utlendingar på norske vegar.

Foto: Arild Nybø / NRK

Per Andreas Øren

KREV TILTAK: Fylkesleiar Per Andreas Øren i Norsk Lastebileier Forbund.

Foto: NLF/pressefoto

Det seier fylkesleiar Per Andreas Øren i Norges Lastebileier Forbund (NLF) i Sogn og Fjordane.

Han er sjeleglad for at Høgre no føreslår å innføre ei eiga avgift for utanlandske vogntog som køyrer i Norge.

Køyrer gratis

I dag slepp vogntog med utanlandske skilt å betale bompengar, fordi selskapa som driftar dei mange autopass-stasjonane rundt om i landet ikkje sender rekningar utanlands. Dette vil stortingsrepresentant Øyvind Halleraker og Høgre til livs.

På NRK Dagsrevyen søndag truga administrerande direktør Stein Inge Larsen i Byrknes Auto i Gulen å flagge ut alle sine 33 vogntog, dersom ikkje noko blir gjort. Byrknes som i dag sysselset 100 sjåførar, vurderer Polen eller eit av dei baltiske landa, viss ikkje skilnadene blir utlikna.

Og han får støtte frå sin eigen fylkesleiar i NLF:

– Vi støttar forslaget frå Høgre fordi det må gjerast noko. Utanlandske vogntog som kjem inn til landet betaler ikkje det vi må betale, seier Per Andreas Øren.

Taper i konkurransen

Lastebilleiaren fryktar konkurransen frå utanlandske transportar skal ta knekken på den norkse næringa.

– På sikt vil dette føre til at ein kanskje taper tusenvis av arbeidsplassar i denne næringa. Dette forsvinn over til utanlandske køyretøy, seier Øren.

– Lat dei betale

Lastebileigaren meiner løysinga er enkel.

– Utanlandske transportørar bør betale for å komme inn i landet. Elles så betalar dei ikkje bompengar. Vi krev at dei får autopass-brikke ved innpassering til Norge, slik at dei er med og betalar bompengar. I tillegg må det bli mykje betre kontroll med dieselen. Dei tar med seg altfor mykje diesel inn, til dårleg kvalitet som mellom anna gir meir forureining, seier Øren.

Han viser til at andre land tek betalt, også frå utanlandske køyretøy.

Må betale i Tyskland

– Viss dei køyrer i til dømes Tyskland så må dei køyre for kvar kilometer dei køyrer. Har dei ikkje betalt blir dei stoppa og får ikkje køyre vidare før dei har betalt. Men her i landet kan dei berre køyre over grensene utan å gjere nokon ting. At vi skal liggje så langt bak, er vanskeleg å forstå.

Øren meiner dette er ei problemstilling ikkje berre Høgre burde vere opptekne av.

– Dei fleste parti burde gjere noko med dettae. Det er alldeles gale korleis dette er blitt. At vi i dette landet, i 2010, ikkje klarer å krevje inn dei same avgiftene som vi norske transportørar må betale når vi køyrer gjennom bommar og ferjer, Det skjønar eg ikkje.

– Utlendingane bø betale når dei skal inn i landet, slik vi må gjere når vi skal til Tyskland, Danmark, Sverige, ja kor som helst. Dagens ordning er veldig urettferdig, seier Per Andreas Øren i lastebileigarforbundet.