Hopp til innhold

Kon-Tiki blir Oscar-nominert

Filmen Kon-Tiki er det norske Oscar-håpet i kategorien «Beste framandspråklege film». Produsenten frå Sogn gler seg over nominasjonen.

Aage Aaberge under Kon Tiki-innspelinga

SOGNING ER PRODUSENT: Aage Aaberge under Kon Tiki-innspelinga.

Foto: Pressefoto

Det er sogningen Aage Aaberge som er produsent for filmen, og han er særs glad for å vere plukka ut til å representere Noreg.

– Vi blei sjølvsagt veldig glade, og dette er ein unik moglegheit for prosjektet, seier han.

Den norske Oscar-komiteen vurderte dei tre filmane «Kompani Orheim», «Kon-Tiki» og «Som du ser meg».

Med eit budsjett på 93 millionar kroner, er Kon-Tiki Norges dyraste film. Aaberge trur at ein av grunnane til at hans film blei nominert, er at Kon-Tiki er eit sterkt namn.

– Den førre Kon-Tiki-filmen fekk jo Oscar i 1951, som den einaste norske filmen som har fått den. Det har også betydning at filmen vår har gjort det så godt som den har på norske kinoar, seier Aaberge.

– Kva trur du sjansane er for at de faktisk skal reise til Hollywood neste år?

– Det er vanskeleg å seie, for det er ein tøff konkurranse. Men vi skal stå på og kjempe for å markere oss.

Om filmen får delta i sjølve Oscar-utdelinga, blir ikkje klart før dei endelege nominasjonane er klare.