Rektoren nekta all straffskuld då saka kom opp for Sogn tingrett måndag. Han hevda at det var eks-kona og vener av ho som måtte ha utført nedlastinga av overgrepsbilete av born for å sverte han i samband med eit brutalt samlivsbrot.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meiner politiet har trenert saka
Den tiltalte skuleleiaren la i retten fram ei rekkje påstandar om at eks-kona laug om både bruken av dei ulike datamaskinene i heimen, og om kven som hadde tilgang til desse.
– Eg meiner at politiet har trenert etterforskinga av saka, sa tiltalte og synte mellom anna til at det tok svært lang tid frå politiet fatta interesse for saka til den kom opp i retten.
Saka har vore utsett fleire gonger, og tiltalte gav klart uttrykk for at han no ønskte å få dette ut av verda, men at han ser på seg sjølv som heilt uskuldig i høve påtalemakta sin tiltale.
Vart høg temperatur i retten
Aktor i saka, politiadvokat Knut Broberg, ønskte i liten grad å kommentere saka, heller ikkje om politiet sin tidsbruk.
– Det får vi kome attende til når vi kjem til straffutmålinga, seier Broberg til NRK.no.
Men i retten pressa Broberg tiltalte på bruken av datamaskinene som var i huset. Tiltalte vart avbroten fleire gonger i løpet av si forklaring, og det vart høg temperatur då tiltalte ønskte å fokusere på andre ting enn det aktor ville.
– Du svarar ikkje på spørsmålet mitt, sa aktor.
– Jo, det gjer eg, repliserte tiltalte.
– Nei, nei, nei, det gjer du ikkje, sa aktor.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Vart krysseksaminert om nettbruk
Under krysseksaminasjonen spurte aktor vidare om tiltalte sin internettbruk og kva vanar han har.
– Eg har alltid vore ein hyppig brukar av internett.
– Brukar du fleire timar på dette kvar dag?
– I det siste har eg brukt det meir, ja. Eg har vore tilknytt Facebook lenge, men brukar ingen andre sosiale medium, slo tiltalte fast.
– Har du søkt etter pornografi?
– Nei, men eg har besøkt ei side med pornografisk innhald, sa tiltalte.
Eks-kona skal vitne seinare
Aktor prøvde så å presse tiltalte på detaljar om hans bruk av denne nettsida, og han måtte i detalj forklare seg om dette.
Retten skulle etter planen vore ferdig med tiltalte si forklaring før lunsj, men klokka 13.15 var enda ikkje aktor ferdig med si utspørjing av tiltalte. Seinare i dag skal eks-kona til mannen vitne.
- LES OGSÅ: