Hopp til innhold

Rektor tiltalt for overgrepsbilete

Ein rektor frå Sogn er tiltalt for å ha oppbevart overgrepsbilete av born.

Statsadvokaten meiner rektoren har lagra 350 overgrepsbilete og to filmsnuttar.

– Det er snakk om bilete av tenåringar og ikkje bilete av små born. Strafferamma er på tre år, men vi er ikkje i nærleiken av så lang straff i dette tilfellet, seier politiadvokat Erling Melvær.

Suspendert frå stillinga

Rektoren vart i august 2010 pågripen av politiet, og eit heilt lokalsamfunn var i sjokk då nyheita kom.

Mannen, som er suspendert frå stillinga si i skuleverket, må rekne med å møte i retten i løpet av våren.

Får halde fram i skulen

Rektoren hadde dei barnepornografiske bileta på datamaskina si i tidsrommet april 2007 til august 2010.

Rådmannen i kommunen der skulen ligg, har tidlegare sagt til NRK.no at saka er lei både for kommunen og for skulen.

– Kan rektoren miste retten til å jobbe vidare i skuleverket?

– Nei, vi vil i alle fall ikkje påstå det. Det får andre myndigheiter ta stilling til, svarar Melvær.

Stiller seg uforståande til tiltalen

Louis Anda

ADVOKAT: Louis Anda er forsvarar for den tiltalte rektoren.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Advokat Louis Anda seier rektoren stiller seg uforståande til tiltalen.

– Han kan ikkje forstå at det er tatt ut tiltale. Klienten min meiner han ikkje har begått dei straffbare handlingane som er omtalt i tiltalen, seier Anda.

– Men det er funne 350 bilete. Korleis forklarer din klient dette?

– Eg vil ikkje gå i detaljar på korleis han vil forklare seg om dette. Han seier at det ikkje er han som har lasta ned denne barnepornoen på sine datamaskiner. Dette må ha blitt gjort av andre, svarar Anda.