Hopp til innhold

Rektor melder politiet for sommel

Rektoren frå Sogn som er tiltalt for å ha lasta ned overgrepsbilete av born, politimelder no politiet for treg etterforsking.

Mannen har vore under etterforsking sidan august 2010. Saka skulle opp i retten i juni i fjor, men ho vart utsett. Det er førebels uvisst når saka kjem opp att i Sogn tingrett.

Louis Anda er forsvarar for mannen, og han meiner politiet har brukt altfor lang tid. Han fortel at det er mannen sjølv som har teke initiativ til politimeldinga.

– Ligg føre grov tenesteforsømming

– Han meiner etterforskinga har drege ut i langdrag. Her ligg det føre ei grov tenesteforsømming fordi det har teke så lang tid å få saka for retten, seier Anda.

Det kom som eit sjokk på heile lokalsamfunnet då rektoren vart pågripen og sikta for å ha lasta ned overgrepsbilete av born. Forsvarar Louis Anda reagerer sterkt på at saka framleis ikkje er avgjort 18 månader seinare.

Er ei ekstra påkjenning

– Klienten min er ganske oppgitt. Etterforskinga er på mange måtar ferdig. Det har rett nok vore eit avhøyr no siste veka som min klient spesielt har bedd om, for å klare opp i ting han meiner er viktig, seier Anda.

Han legg til at det at saka dreg slik ut, er ei ekstra påkjenning for mannen.

– Det er snakk om suspensjon frå ei leiande stilling i skuleverket. Så for han er dette ei belastning både med tanke på straffesaka, men også i forhold til jobben, og sjølvsagt i forhold til det nettverket og miljøet han har, seier Anda.

Vart utsett etter krav frå forsvarar

Saka skulle vore oppe i Sogn tingrett i fjor sommar, men vart utsett etter krav frå forsvararen om nye avhøyr og oppnemning av sakkunnige.

– Det har ikkje med det å gjere. Eg kan godta at det kanskje kan ha vore årsak til ein månad av utsetjinga, men ikkje halvanna år, seier Anda.

Politiet avviser kritikken

Politiinspektør Ronny Iden forstår at siktinga har vore belastande for mannen, men avviser likevel kritikken frå Anda.

– Den tida som politiet har brukt på innsyn i forhold til databeslag har ikkje vore urimeleg lang. Det tek noko tid og ut ifrå den ressurssituasjonenvi har på IKT har det teke den tida det har, seier Iden.

Han legg til at midt oppi dette kom eit par månaders liggjetid som han meiner forsvararen må ta ansvar for.

– Vi skulle sjølvsagt ønskt at dette kunne ha gått fortare, det er det ikkje tvil om av omsyn til dei involverte i saka, seier Iden.