Hopp til innhold

Rådmann nektar for dobbeltrolle

Ein rådmann i Sogn avviser at han er inhabil i saka om ein rektor i kommunen som er sikta for å ha lasta ned overgrepsbilete av born på ei datamaskin.

Rådmannen, som styrer den alvorlege saka frå kommunen si side, har tidlegare i år vore advokat for den sikta skuleleiaren.

Rådmannen i den aktuelle sognekommunen har fått ei vanskeleg sak i fanget. For ei veke sidan blei ein rektor ved ein skule i kommunen pågripen for å ha lasta ned overgrepsbilete av born på ei datamaskin.

Rektoren nektar

Politiet har kverrsett PC-en og har ransaka heimen og arbeidsplassen til skuleleiaren. Den sikta rektoren nektar for å ha gjort noko gale. Han er no sjukmeld og har gått med på at han er stengd ute frå skulen medan politiet etterforskar saka.

Var advokaten til mannen

Denne alvorlege siktinga kan ha sett rådmannen i ei kinkig dobbeltrolle. Det er han som handterer saka i kommunen. Onsdag kveld informerte rådmannen foreldra ved den aktuelle skulen, og det er han som har kommentert saka offentleg.

I dag opplyser rådmannen at han tidlegare i år har arbeidd som advokat for den sikta rektoren.

Konflikt med eks-kona

Skuleleiaren har lege i konflikt med eks-kona i ei sak. Rådmannen stadfestar at han i perioden januar til mai i år, har hjelpt den sikta til å skrive tre brev i denne saka.

Rådmannen nektar for at han er inhabil. Grunnen er at han sa frå seg jobben for den sikta rektoren då han blei konstituert rådmann før sommaren. Han seier at han ikkje har arbeidd for den sikta etter at han blei rådmann.

- Ikkje aktuelt at andre overtek

Rådmannen ser det ikkje som aktuelt at andre i kommuneadministrasjonen skal ta over styringa av saka.

Det er Fylkesmannen som vurderer habiliteten til rådmenn i Sogn og Fjordane. Dei har ikkje fått klage på den aktuelle rådmannen og vil difor ikkje kommentere saka.