Hopp til innhold

Naustedøl (21) melde seg ut frå Ap - skipa Piratpartiet

Vegard Solheim frå Naustdal hoppa av Arbeidarpartiet, for å starte opp Piratpartiet.

Vegard Solheim

JOBBAR FRAM: Vegard Solheim (21) er i full gang med å arbeide fram det første partiprogrammet til Piratpartiet i Norge.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Piratpartiet har sitt opphav i Sverige , og vart partiet Vegard Solheim søkte mot då han ikkje lenger kunne stå for Arbeidarpartiet sin politikk.

– Det er vel ei litt typisk historie om ein som blir usamd med det partiet ein held på med. Eg er blitt litt meir liberal dei siste to åra. Det går i hovudsak på digitale saker, mellom anna innføring datalagringsdirektivet. Eg kunne berre ikkje stå for det partiet meinte, seier han.

EU-parlamentet

Dermed starta han arbeidet med å stable på beina Piratpartiet i Norge. Målet er 5.000 underskrifter, og partiliste til neste stortingsval.

I Sverige fekk Piratpartiet ein oppslutnad på 0,6 prosent på Riksdagsvalet i 2009, men er i dag representert med to representantar i EU-parlamentet.

(Artikkelen held fram under lydklippet)

Solheim fortel den norske utgåva av Piratpartiet ligg langt unna Arbeidarpartiet politisk.

– Digital teknologi er den einaste store kjernesaka som grip inn i absolutt alle samfunnselement. Eg kan ikkje forstå korleis andre meiner at alt anna er større kjernesaker. Kampen spesielt mot overvaking og fridom på nett er noko av det viktigaste eg veit om, seier han.

– Eg forstår det ikkje

Nils P. Støyva

FYLKESLEIAR: Nils P. Støyva

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, forstår ikkje valet til hans tidlegare faste kommunestyrerepresentant i Naustdal.

– Eg har hatt ein veldig god dialog med Vegard Solheim. Eg tykkjer det er leitt, og forstår det ikkje heilt, seier Støyva. At Arbeidarpartiet gjekk inn for datalagringsdirektivet var dråpen som fekk det til å renne over for Solheim.

– Det går ut for at alle er skuldige til det motsette er bevist. Ein lagrar alt som skjer på internett, og bruker det dersom ein person blir mistenkt for noko. Du snakkar om GPS i alle bilar og mikrofonar under alle kafébord, forklarar Solheim.

Partiprogram

– Skulle ein gjort det same med det analoge som i det digitale, så ville det vere at posten samlar all post, fører statistikk på kven du sender post til, kor ofte, kor mykje, kva brev, og gjerne opne opp og sjekkar dersom dei føler for det, seier Solheim.

Naustedølen er i full gang med å arbeide fram det som skal bli det aller første programmet til Piratpartiet i Norge. På skjermen er program som Steam og Spotify, som gjer det enklare og billegare å dele informasjon og tenester via internett.

Det er dette som engasjerer Solheim.

Støttar fildeling

Piratpartiet han no vil starte, har sine røter i den svenske nettsida The Pirate Bay, som i 2009 vart dømd for å leggje til rette for ulovleg nedlasting av filer på nettet.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Land med Piratpartier

Land

Prosent ved siste riksvalg

Siste valg arrangert

Sverige

0,7 prosent

19. september 2007

Tyskland

2,0 prosent

27. september 2009

Storbritannia

0,4 prosent

6. mai 2010

Tsjekkia

0,8 prosent

29-29 mai 2010

Nederland

0,11 prosent

9. juni 2010

Finland

0,51 prosent

17. april 2011

Canada

0,67 prosent

2. mai 2011

Sveits

0,5 prosent

23. oktober 2011

Spania

0,10 prosent

20. november 2011

New Zealand

0,58 prosent

26. november 2011

Hellas

0,51 prosent

6. mai 2012

 

Kilde: Wikipedia

 

– Vi støttar ikkje ulovleg fildeling, som at alle berre kan ta det dei føler for. Du blir aldri kvitt det, men du kan gje skikkelege alternativ til det, seier han og ynskjer mjukare reglar og alternativ.

Høg terskel

Bernt Aardal

SKEPTISK: Bernt Aardal.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Og partiet sin politikk har fått stor oppslutnad på Internett. Det har og valforskar Bernt Aardal registrert. Han meiner likevel at det kan bli vanskeleg for Piratpartiet å etablere seg og skildrar partiet som ei døgnfluge.

Heller ikkje Støyva ser på Piratpartiet som ein politisk konkurrent.

– Det er kanskje ein mykje høgare terskel enn mange trur, når dei i ei entusiastisk bølgje seier at no skal vil stille til val, seier Aardal.

Vil ikkje på stortinget

Men sunnfjordingen Vegard Solheim vil likevel jobba for å etablera partiet i Norge og få dei på Stortinget.

Men sjølv har han ikkje ambisjonar om å bli Stortingsmann.

– Eg vil ikkje sjølv sitje heime og klage over at ingen andre vil gjere noko, dersom eg ikkje sjølv gjer noko. Den dobbeltmoralen vil eg ha meg fråbeden, avsluttar han.