– Ungdommen i dag startar direkte på denne type stoff, medan dei tidlegare gjekk heile karrierestigen frå røyk, alkohol, hasj og så til andre typer stoff. No går dei direkte på hardare stoff, seier Knut Arne Klingenberg.
Han har ansvar for prosjektet Tenk Tryggleik, i regi av Kriminalomsorga.
Dei skal jobbe med domfelte i friomsorg og i fengsel, alle som på ein eller annan måte er ein eller annan stad i straffesakskjeda.
Å starte rett på dei harde stoffa kan skape endå sterkare avhengigheit.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Må få tidlegare hjelp
– Dei blir fortare hekta og det er vanskeleg å komme ut av det. Det er viktig å ha auga opne i kommunane og få fatt i ungdommane tidleg og hjelpe dei tilbake på rett spor. Dette er ungdom som søkjer ein type ting fordi dei har hatt ei hending i livet sitt, seier Klingenberg.
Han påpeikar at ein slett ikkje må tru at det er vanskeleg å få tak i denne type stoff.
– Å få fatt i dop i Sogn og Fjordane er like lett som alle andre stader. Ein kvar kommune med respekt for seg sjølv veit at det er brukarar og at det er folk som har trong for hjelp, seier Klingenberg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Er lettare å drive med speed
Han stadfestar trenden om at fleire droppar hasj til fordel for tyngre stoff som til dømes amfetamin.
– Det er mykje lettare å drive med amfetamin, samt at det er lettare å få tak i, seier Klingenberg.
Stadig meir av narkotikaomsetninga i Sogn og Fjordane dreier seg om tyngre stoff som amfetamin og narkotisk medisin.
Rusavhengig ungdom NRK har snakka med fortel det er oftast mykje enklare å få tak i slike stoff enn til dømes hasj.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Alle har ein kompis som har ein kompis
– Det handlar eigentleg om å kjenne dei rette folka. Det er ikkje vanskelegare å få tak i stoff her enn i Oslo. Du ringjer ein kompis som har ein kompis som kjenner nokon. Det er alltid nokon som kjenner nokon som har moglegheit til å selje deg eitt eller anna, seier mannen som har vore rusmisbrukar sidan han var 16 år.
Mannen i 20-åra ønskjer å vere anonym, men har ingen problem med å fortelje om kor lett det faktisk er å få tak i tyngre stoff som amfetamin og nrakotisk medisin.
– Første gongen var det eg og ein kompis. Vi sat på rommet og så hadde vi ingenting å røykje. Så kom tilbodet om at vi kunne få ei stripe med speed, eller amfetamin, som det også er kjent som. Så tenkte eg at, kvifor ikkje, eg kan vel prøve ein gong, seier mannen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Var mykje meir hasj før
Han trudde det ikkje var nokon fare med det.
– Vi prøvde, det var greitt. Vi sat der og klappa og skreik. Prata hol i hovudet på kvarandre og hadde det ganske kjekt. Det er ganske fort gjort, seier mannen.
Han er slett ikkje aleine. NRK har den siste tida vore i kontakt med ei rekke kjelder som stadfestar at det er stadig fleire som heller brukar amfetamin og piller enn hasj.
– Utviklinga syner at det har gått meir over på tablettar og speed. Før var det mykje meir hasj, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har fått til unikt samarbeid
Eit unikt samarbeid mellom politiet, kriminalomsorgen, kommunen og næringslivet i Årdal har gjort at det som var eit svært belasta narkomiljø no er kraftig redusert.
– Vi har dialog med bedriftene. Lærlingar som kjem inn får informasjon om konsekvensar ved rus og så vidare. Det trur vi har ein viss innverknad på ungdom som skal inn i arbeidslivet. At dei forstår at dei sjølve må ta ansvar for eige liv, seier Knudsen.
Men sjølv om statusen er god inst i Sogn, er det likevel mange som driv med amfetamin her i fylket.
Nyleg vart det avdekka at ein mann i Gloppen hadde forsynt minst 40 andre med det narkotiske stoffet i Nordfjord.
Bør ta dei store «fiskane»
Rusmisbrukarar NRK har snakka med fortel om låge prisar og lett tilgang. Politiet burde rette innsatsen mot dei som står bak, meiner ungdomen vi møter.
– Dei burde ikkje ta småforbrytarane for dei er eigentleg ganske uskuldige og har lite med det å gjere. Dei som skadar nokon er dei som verkeleg sel store mengder og tener seg rike på det, seier mannen som har nytta amfetamin sidan han var 16 år.
Det er lensmannen i Årdal til dels samd i.
– Det er der vi må ha fokus. Vi må få tak i dei som tener på dette. Dei stakkarane som vert avhengige slit med sitt i kvardagen. Det hjelper ikkje dei å bli rusavhengige i tillegg til det dei slit med elles, seier Knudsen.
Lensmannen er klar på at også rusmisbrukarar må få sjansen til å rydde opp i livet sitt.
– Det er lov å bæsje på leggen og starte på nytt att. Kanskje treng ein meir enn éin ny sjanse. Det er tøffe tak vi snakkar om, seier Knudsen.