Hopp til innhold

Rullar opp ny stor narkotikasak

Fleire personar er involvert i det som er ei ny stor narkotikasak i Sogn og Fjordane.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

RULLAR OPP: Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, fortel politiet har rulla opp ei stor amfetaminsak i Nordfjord.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

På berre nokre månader i fjor haust beslagla politiet narkotika for nær ein million kroner i Sogn og Sunnfjord. Nær 70 personar var involverte i sakene.

No er ein ny stor opprulling på gang i Nordfjord, skriv Firda Tidend. Etterforsking har avdekka kjøp og sal av ei betydeleg mengde amfetamin. Saka skal ikkje ha samanheng med sakene i Florø og Høyanger.

– Det er ei av dei største vi har vore borti, og for Nordfjord er dette ei betydeleg sak som har forgreiningar til Sunnfjord, seier lensmann Nils Ove Roset til NRK.no.

Sit varetektsfengsla

Fire personar i 20-30-åra vart like etter jul pågripne og sikta i saka. Ein av desse, ein mann i 30-åra, har site varetektsfengsla i ti veker.

Påtaleansvarleg jurist i saka, Knut Broberg, seier det kan vere aktuelt å forlengje varetektsfengslinga.

Knut Broberg

STOR SAK: Påtaleansvarleg jurist, Knut Broberg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Både han og Roset er av omsyn til etterforskinga sparsame med opplysningar på både mengde og tal involverte personar. Ingen andre politidistrikt skal vere involvert i saka.

– Men eg kan seie at vi i tida etterpå har pågripe eit betydeleg tal personar for kjøp og oppbevaring, seier Roset.

Monaleg mengde

Saka i Gloppen starta etter langvarig spaning og innhenting av informasjon. Ifølgje Firda Tidend viser etterforskinga at det er omsett monaleg mengde amfetamin.

Stoffet skal ha blitt «importert» til Gloppen, og deretter distribuert til Sunnfjord og andre stadar i Nordfjord.

– Eg kan stadfeste at det er teke ut sikting etter andre ledd i straffelovas paragraf 162, som betyr meir enn 50 gram amfetamin. Men dette er på inga måte den største narkotikasaka vi har hatt i fylket, seier Broberg.

– Til ettertanke

– Det er ein god del som gjenstår av etterforskinga og vi utelukkar ikkje fleire pågripingar, legg Broberg til.

Roset seier han er nøgd med å avdekke slike miljøe, samstundes som det er til ettertanke. Amfetamin er sentralstimulerande og sterkt vanedannande.

– Vi ynskjer ikkje at dette skal spreie seg slik at det gode oppvekstmiljøet blir øydelagt, seier Roset til avisa.

Etterretning

I 2007 rulla politiet i Sunnfjord opp ei stor dop- og narkotikasak etter fleire valdsepisodar i Førde. Roset seier til NRK.no at så ikkje er tilfelle i Gloppen.

Lensmannen seier at politiet i mange år har hatt fokus på narkotika.

– Vald og psykiatri følgjer gjerne i kjølvatnet av amfetaminbruk, men denne har sin bakgrunn i langvarig godt politiarbeid. Vi får kjennskap til ting og hentar inn opplysningar på bygda, seier Roset.