Hopp til innhold

11 trafikkulukker på 10 dagar

På ti dagar har politiet fått melding om elleve trafikkulukker i Sogn og Fjordane.

Trafikkulukke i Kjøsnesfjorden

HAMNA PÅ TAKET: Personbilen har hamna utfor vegen i Kjøsnesfjorden. Ei eldre kvinne blei send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Foto: Ragnvald Søgnesand

Audun Heggestad

UROA: Audun Heggestad i Trygg Trafikk tykkjer talet er skremmande høgt.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Talet på ulukker dei siste dagane er skremmande. Mange har hatt ein utruleg flaks. Det kunne gått langt verre, seier Audun Heggestad i Trygg trafikk.

I løpet av dei siste 10 dagane blei fire skadde i ei alvorleg trafikkulukke i Vågsøy, ein mann i 20-åra køyrde utfor ein skrent i Høyanger, ei dame i 70-åra kvelva med bil i Kjøsnesfjorden. Og det er berre nokre av dei elleve ulukkene.

Overraska forskar

Også forskar ved Transportøkonomisk institutt, Rune Elvik, er overraska over talet:

– Dette høyrest mykje ut til å vere i Sogn og Fjordane, seier han.

Rune Elvik

OVERRASKA: Forskar Rune Elvik tykkjer talet er høgt.

Foto: NRK

Ifølgje Statens vegvesen skjer dei fleste ulukkene i løpet av sommar- og feriemånadane juni, juli og august. Elvik seier at årsakene til dette kan vere fleire.

– Om sommaren er det auka ferietrafikk. Mange er kanskje ukjende på vegane dei køyrer på. Det kan også vere nokon som har det ekstra travelt fordi dei skal rekke ei ferje. Det er mange forhold som kan spele inn, seier han.

Politiet: Stopp og kvil

Harald Vårdal hjå politiet i Sogn og Fjordane kan ikkje sjå ei enkelt årsak til dei mange ulukkene dei siste dagane, men mange er uoppmerksame i trafikken.

– Det som er viktig i ferietida, er at folk reknar god tid når dei skal ut å køyre. Det er litt større trafikk då, og ein må rekne betre tid. Og blir du trøtt, så køyr inn til sida og ta deg ein kvil, seier han.

Fleire ulukker med berre ein bil involvert

Nye tal syner at ulukker med berre ein bil involvert har auka med 38 prosent i Sogn og Fjordane. På landsbasis er auken på 10 prosent.

– Høg fart er årsak til mange trafikkulukker der berre ein bil er involvert. Det er meir framtredande faktor enn ved enkelte andre ulukker, seier han.

Ulukkestala er baserte på materielle skadar melde inn til forsikringsselskapa, og er samla inn av Finansnæringesns hovedorganisasjon. I 2010 var det 1850 ulukker i fylket med ein bil involvert, medan talet hadde auka til 2536 i 2011.

Også Audun Heggestad i Trygg Trafikk, trur fart er årsaka:

– Utfordringa er at vi har mange åleineulukker og møteulukker. Det betyr kanskje at farten ikkje alltid er tilpassa det vegnettet vi har, seier Heggestad.