Hopp til innhold

Lettare skadd i hard krasj

Ei 27 år gamal kvinne vart til alt hell berre lettare skadd då ho køyrde i fjellveggen ved Rå mellom Vadheim og Lavik måndag ettermiddag.

Bilulukke Rå

SKADD: Ein person vart skadd då denne bilen hamna i fjellveggen på Rå mellom Lavik og Vadheim på E39.

Foto: Sverre Benjamin Gallefoss

Luftambulanse, politi og brannvesen rykka ut til ulukka som skjedde ved Rå, om lag åtte kilometer aust for Lavik.

Bilførare vart flydd til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulukka. Meldinga om trafikkulukka kom klokka 13:55.

– Kvinna vart lettare skadd i ulukka og er innlagt på vanleg avdeling, opplyser AMK til NRK måndag kveld.