Hopp til innhold

Rykte ut til trafikkulukke

Ein bil med tre personar i hamna utfor vegen etter ei trafikkulukke nokre kilometer frå Eikefjord laurdag.

Trafikkulukke ved Eikefjord

TIL SJUKEHUS: Ein vaksen og to barn vart sende til legesjekk etter ulukka som skjedde nokre kilometer frå Eikefjord sentrum.

Foto: Privat

Politiet fekk melding om ulukka rundt klokka 18.30. Ulukka skjedde på fylkesveg 542, mellom fem og seks kilometer frå sentrum av Eikefjord i retning Stavang.

Operasjonssentralen i Florø hadde ved 18.40-tida ikkje detaljar om kva som hadde skjedd, men det skal vere snakk om ein personbil som har køyrt av vegen.

Det var tre personar i bilen, ein vaksen og to barn. Ifølgje politiet skal det ikkje vere snakk om alvorlege personsskader. Alle tre vart sende til legesjekk i Florø.

Brannvesen kom raskt til staden, medan ambulanse og politi kom til noko seinare. Politiet kjenner ikkje årsaka til ulukka, saka blir etterforska.

Trafikkulukke like utanfor Eikefjord

SKADER: Bilen fekk til dels store materielle skader etter utforkøyringa.

Foto: Privat