Hopp til innhold

Passasjer datt ut - førar stakk av

Politi og ambulanse rykte fredag ettermiddag ut til det dei trudde var ei trafikkulukke på E39 i Jølster.

Like over klokka halv tre fredag fekk politiet melding om ei trafikkulukke på E39 ved Årdal i Jølster. Ein bil skulle ha køyrt i autovernet.

I samband med uhellet skal ein passasjer ha kome ut av bilen, og vedkommande skal deretter ha blitt skadd i ein fot då bilen køyrde over den.

Ambulanse og politi reiste til staden og det viste seg at bilføraren då hadde reist vidare. Føraren vart kort tid etter innhenta av politiet.

Ifølgje operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt skal føraren vere ein kjenning av politiet i Hordaland. Vedkommande skal ikkje ha hatt førarkort og det er mistanke om at mannen var rusa.

Passasjeren er sjekka ut av helsepersonell, men skal vere uskadd. Bilen skal ikkje ha vore køyrbar etter det som skjedde.