Hopp til innhold

Storslått filmpremiere i Stryn

Nærmast heile innspelinga av den nye filmen "Into the White" har skjedd på Grotli på Strynefjellet. Dermed var førpremieren sjølvsagt lagt til Stryn, og både stjerner og lokalstjerner trappa opp på kulturhuset.

Petter Næss og Geir Tonning i prat før førpremieren

Geir Tonning (t.h.) var éin av mange lokale statistar i filmen 'Into the White'. Her er 35-åringen saman med den kjende regissøren Petter Næss – som står bak filmen som er filma på Grotli.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Utruleg bra film!, kjem det frå fleire kantar når éin av hovudrolleinnehavarane, Stig Henrik Hoff, og regissør Petter Næss går ut av kinosalen.

Førpremieren på den nye filmen "Into the White" er vel overstått, og skodespelarar, regissør og statistar slepp ned skuldrene – for responsen på Stryn Kulturhus var god.

Petter Næss, som er kjend som regissør for blant anna Oscar-nominerte "Elling", "Tatt av kvinna" og "Bare Bea", er no aktuell med filmen frå Stryn.

Filmen er inspirert av den historiske hendinga på Strynefjellet i april 1940, der eit tysk og eit engelsk skaut ned kvarandre.

På og med Stryn

Mesteparten av filmen går føre seg inne i ei hytte på Grotli, der dei måtte søke ly. To engelske soldatar og tre tyske soldatar må lære seg å samarbeide for å overleve.

Nesten heile filmen er filma på Strynefjellet, og i filmen var der mange lokale ansikt å sjå - då som statistar.

Stjernene i filmen er derimot nesten like kjende på Stryn som statistane frå Stryn.

Rupert Grint, kjent som "Ronny" i Harry Potter-filmane, valde "Into the White" som sin første film etter tallause år med magi. Stig Henrik Hoff er den norske stjerna, og var på premieren saman med regissør Næss.

Stig Henrik Hoff på førpremieren til "Into the White".

Den kjende norske skodespelaren Stig Henrik Hoff har éi av hovudrollene i krigen med bakgrunn i 2. verdskrig. Her er han før førpremieren på Stryn Kulturhus – ulasteleg kledd i Moods of Norway-dress.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Éin av dei lokale som fekk vere med i filmen, var Geir Tonning. Før filmen var 35-åringen utruleg spent.

– Eg gler meg noko veldig. Eg har ikkje fått sett filmen, og eg reknar med det blir ein intens film. For min eigen del reknar eg med det blir to sekund av filmen som viser meg, nikka ein smilande og spent Tonning.

Fekk sekunda

Etter éin time og 45 minutt, hadde folk flira, blitt overraska og fått empati for dei fleste karakterane i filmen.

Applausen til slutt var stor, og for Geir Tonning var det fantastisk – for han hadde ikkje blitt klippa vekk i statistrolla si.

– Ja, eg veit ikkje kor lenge det var, men det var i alle fall to sekund. Eg er godt fornøgd. Spesielt godt likte eg hårmanken min, flira Tonning, som hadde fått ein real "bolleklipp".

– Endeleg på fjellet

Regissør Næss var òg storfornøgd etter førpremieren. Han likte godt å få dønn ærlege tilbakemeldinga frå lokalpublikumet.

– Folk treng ikkje seie noko, men tilbakemeldingane er overstrøymande, vakre og ekte. Folk kjem bort og er positive, så blandinga av mi eiga oppleving og publikum sine reaksjonar gjer at eg sit igjen med ein god kjensle. Dette er litt anna enn å ha premiere med eit blasert Oslo-publikum.

– Her pratar folk rett frå levra, sa Næss.

I morgon er det ei ny premiere for filmen, då i Oslo by. Noko av det beste for Næss sin del var derimot å få ha innspelingsstad utanfor byane.

– Eg er veldig naturmann, men det slår meg at eg stort sett har laga filmar i byar. No fekk eg endeleg kome opp på fjellet og lage ein film i natur der eg trivst, det synest eg var fantastisk!, nikka regissøren.

Simon Patridge

Simon Patridge var heidersgjest på førpremieren. Patridge er son av éin av dei to engelske soldatane i filmen. Han er klar på at filmen ikkje har rot i det som eigentleg skjedde.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Fiksjon

Stryn Kulturhus var smekkfullt med lokale i finstasen, men éin av gjestane hadde kome langvegs frå. Denne mannen var Simon Patridge.

Patridge er son av éin av dei to engelske soldatane som blei skotne ned. Han er klar på at filmen ikkje har rot i verkelegheita.

– Filmen har ingenting å gjere med verkelegheita, og det var ganske vanskeleg for meg å ha ei meining som er objektiv.

– Den var litt naiv og uansvarleg, men for dei som ikkje sit på same historiegrunnlaget som meg, så var den heilt sikkert underhaldande. For der var mange humoristiske og varme scener i filmen, påpeikte Patridge.