Hopp til innhold

Sprengte krigsfly under filminnspeling på Strynefjellet

Krigsfilmen «Comrade» blir i desse dagar spelt inn i Stryn, og laurdag vart eit krigsfly sprengt under opptak.

Denne veka har Stryn blitt ført 70 år tilbake i tid - alt på grunn av filminnspelinga. Filmen «Comrade» gjenskapar ei hending frå krigens dagar, der engelske og tyske pilotar enda opp med å bli vener.

Og ei av hovudrollene i filmen har sjølvaste Harry Potter-stjerne Rupert Grint. Han spelar engelsk soldat i den norske storsatsinga.

Comrade blir spelt inn i Stryn

STATIST: Asbjørn Lote frå Førde er statist i filmen.

Foto: NRK

Laurdag vart ein kopi av eit tysk krigsfly sett i brann i den spektakulære scena midt på Strynefjellet.

Brannen vart sløkt straks scena var ferdig, for håpet til flybyggjarane frå Lom var at noko av Heinkel-modellen skal kunne visast fram på Grotli i ettertid.

– Eg fekk tilbod om rolle

Asbjørn Lote frå Førde var på Strynefjellet for å sjå på filminnspelinga. Men då fekk han tilbod om å spele ei rolle, for dei var ein statist i manko.

– Det var veldig kjekt å få vere med. Eg var det eigentleg berre som turist for å sjå på. Men då dei spurte meg om eg ville vere med sa eg sjølvsagt ja. Så no får eg namnet mitt på rulleteksten, seier Lote til NRK.no.

– Det var kjekt når skodespelarane kom bort å helste på meg. Eg følte meg litt som ein kollega, seier Lote.

Grint: – Eg likte manuset

I 1940 hamna eit tysk og to engelske fly i kamp. Skadene gjorde at både det tyske og eit engelsk fly måtte naudlande på Grotli.

Då soldatane søkte ly i den same hytta la dei ned våpen og samarbeidde for å overleva. Mange møtte opp for å sjå Rupert Grint som er mest kjent for å vere bestevenen til Harry Potter. Filmstjerna var aldri i tvil om at han ville bli med.

– Eg likte manuset. Det er ei litt uvanleg krigshistorie, seier Grint til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Comrade blir spelt inn i Stryn

ACTION: Klart for opptak midt på Strynefjellet.

Foto: NRK

Tøffe opptaksdagar i fjellet

Store delar av innspelinga har føregått i Hjelle i Oppstryn. Hotellet har blitt omgjort til kolonial, vegen er gruslagt, og lokalbefolkinga er forvandla til tyske og norske soldatar.

– Det er kjekt å få oppleve filminnspeling på nært hald. Ein tenkjer ikkje på kva som skal for å lage ein fiilm når ein sit i kinosalen eller framfor tven heime i stove, seier statist Gunnar Harstad.

Skodespelarane har opplevd nokre røffe opptaksdagar på Strynefjellet.

– Eg var ikkje førebudd på kor ekstremt det er når vêret er skikkeleg dårleg. Det var utfordrande å spele rolla i slikt vêr. Eg er glad det er over, seier Grint.

NETT-TV: Harry Potter-stjerne er engelsk soldat

Video Harry Potter-stjerne spelar inn film på Strynefjellet

NETT-TV: Harry Potter-stjerne spelar inn film i Stryn.