Hopp til innhold

Broren får kome i gravferda

Eit enormt engasjement gjer at bror til den 24 år gamle kvinna som døydde i bustadbrannen i Førde, får kome i gravferda.

Brann i Førde

SISTE FARVEL: Bror og onkel til dei to omkomne i brannen førre veke, får kome til Norge for å ta eit siste farvel.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Kvinna frå Sri Lanka og hennar 20 månader gamle son døydde som følgje av skadene dei fekk i brannen førre måndag . 24-åringen kom til Norge i 2006.

Politiet meiner kvinna sjølv starta brannen . I heimlandet kom meldinga om brannen som eit sjokk på familien. Broren starta sjølv å samle inn pengar frå sine vener og slektningar for å kunne kome i gravferda.

Samstundes samla vener av den omkomne inn 3 000 kroner i Førde. I tillegg starta familien sin bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes ein innsamlingsaksjon i helga.

– No har vi fått inn 17 000 kroner frå eit 30-tals personar og organisasjonar, seier advokaten til NRK.no.

Har fått visum

Den eitt år yngre broren til den avlidne kvinna er fiskar og hadde ikkje sjølv middel til å kunne reise til gravferda. Det siste den avlidne 24-åringen gjorde før brannen, var å sende 3 000 kroner til si 18 år gamle syster si gravferd. Ho døydde berre ei veke før 24-åringen fekk endeleg avslag på asylsøknaden.

I dag orienterte Aarre Hånes familien på Sri Lanka om at dei hadde samla inn nok pengar til billett slik at broren kome til Norge og ta eit siste farvel med si eitt år eldre syster.

– Familien og vener er overvelda og djupt takksame. No ventar eg ei stadfesting på kor lenge han ynskjer å bli. Så skal eg bestille billettane for han, seier advokaten.

Må via London

Broren har også fått ordna seg med eit nasjonalt visum. Det er førebels uvisst når han kjem oppover, og kva prislapp billetten kjem på.

På grunn av Schengenkonvensjonen kan ikkje broren reise innom andre Schengen-land. Dette fordyrar billetten noko i høve til dei 12 000 kronene som var førespegla.

– Difor må vi syte for billett via London, seier Aarre Hånes og på vegner av familien til den avlidne rettar ei stor takk til alle som har medverka i innsamlingsaksjonen.

Engasjerte seg

I Sunnfjord engasjerte mellom andre Alf Vidar Snæland frå Naustdal seg med å opprette ei Facebook-gruppe som vidareformidla kontoinformasjon.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Snæland.

– Saka har engasjert meg. Eg kjende dei ikkje, men som så mange andre, tykkjer eg det som har skjedd er berre sørgjeleg. Så eg tenkte eg fekk gjere mitt, seier han til bt.no.

Slepp lån til gravferda

Aarre Hånes seier bror til den avlidne 24-åringen er veldig takksam for all hjelp han har fått. No slepp han ta opp lån for å få fullfinansiert reisa til Norge.

– Billetten er allereie bestilt. Han kjem til Bergen onsdag ettermiddag og blir til tysdag i neste veke, seier Aarre Hånes. Billetten kom på 12 000 kroner.

Den 20 månader gamle guten vart gravlagd i Førde etter muslimsk tradisjon i Førde fredag. Kvinna blir gravlagd frå Førde kyrkje.