Hopp til innhold

Sterkt prega etter brannen i Førde

Dei evakuerte asylsøkjarane er svært prega av situasjonen etter brannen i Førde måndag ettermiddag.

Brann i Førde

TO KRITISK SKADDE: Ei mor og hennar vesle son ligg kritisk skadde på Haukeland Universitetssjukehus.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Husbrann i Førde
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK
Brann i Førde
Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Ei 24 år gammal kvinne og sonen hennar på 20 månader er innlagde på Haukeland Universitetssjukehus med kritiske brannskadar. Dei to blei frakta til sjukehuset med helikopter etter brannen på Steinen i Førde måndag ettermiddag.

Fleire andre personar har blitt lettare skadde i samband med redningsarbeidet.

15-20 brannmenn var kalla ut og alle tilgjengelege brannbilar kom til staden. Vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen seier brannen blei oppdaga forbipasserande.

– Dei ringde oss og fortalde at det var røykutvikling i huset, seier han.

Brannen i Mølletunet starta i hovudetasjen i det tre etasjes store huset starta like etter klokka halv fire i ettermiddag. Brannen vart raskt sløkt etter at brannvesenet kom til staden.

Får hjelp av kriseteam

Det bur 27 asylsøkjarar frå forskjellige nasjonar i huset som inneheld fleire leilegheiter. Asylsøkjarane har blitt tekne hand om av eit kriseteam og er no evakuerte til andre bustadar.

Magne Faleide ved Førde lensmannskontor seier dei saman med kommunen og mottaket har teke hand om dei som bur i huset.

– Vi har fått tolk til alle og har forklart alle kva som skjer i forhold til kvar dei skal bu i natt.

Dyster stemning

Andrew Hawkes

MOTTAKSLEIAREN: Andrew Hawkes seier alle er prega av det som har skjedd.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Alle personane blei samla på Førde hotell etter brannen. Mottaksleiar for Bergum asylmottak, Andrew Hawkes, seier dei er svært prega av situasjonen.

– Det er klart at dette er ei alvorleg hending og stemninga er deretter. Alle lurer på kva som har skjedd og dei er prega av situasjonen.

Dei som bur i etasjane som ikkje er skadde, har fått henta nokre personlege eigedomar før dei vart innlosjerte på andre bustadar i regi av mottaket. Det er førebels uvisst kor lenge dei må bu der.

Etterforskar vidare

Politiet kan framleis ikkje seie noko om årsaka til brannen, men held fram etterforskinga. Så langt er det ikkje gjort nokre formelle avhøyr.

– No må vi avhøyre vitne og få oversikt over brannstaden. Vi har snakka med folk om dei har høyrt noko, men vi har ikkje starta med avhøyr, seier Faleide.

Video Brann i Førde-3 kritisk skadd

SJÅ VIDEO: To personar kritisk skadde i brann i Førde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.