Hopp til innhold

Legar og politikarar rasar mot nedlegging av fødetilbod

Helseføretaka får ture fram som dei vil utan politisk styring. Det meiner kommunelegar og raudgrøne lokalpolitikarar.

Førde Sentralsjukehus

VIL HA ALLE FØDSLAR HER: Helse Førde har vedteke å legge ned fødetilboda i Lærdal og på Nordfjordeid. Dermed får enkelte fleire timar lengre reiseveg til Førde.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kommunelegar og raudgrøne lokalpolitikarar tryglar regjeringa om å gripe inn. Fredag vedtok nemleg Helse Førde å legge ned fødetilbodet ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal .

– Dette er eit eksempel på at føretaka får ture fram i strid med nasjonale føringar, seier kommunelege Trond Inselseth i Vågsøy kommune.

Men også fødetilbodet i Volda er truga. Dermed kan ein heil region frå Søre Sunnmøre til Nordfjord miste fødetilbodet under den raudgrøne regjeringa, og innbyggjarane vil få fleire timar til nærmaste sjukehus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

LEGG NED: Helse Førde har vedteke å legge ned fødetilbodet i Lærdal og på Nordfjordeid.

Foto: NRK

Vil har regjeringa på bana

Kommunelegen i Vågsøy får støtte frå fungerande ordførar i Eid, Kjell Magne Åshamar, som ber regjeringa gripe inn.

– Eg håpar regjeringa kjem bana tidsnok til å stoppe nedlegginga. Det verkar som om styret i Helse Førde har hastverk med å komme regjeringa i forkjøpet, seier Åshamar til NRK.no.

Han meiner den komande nasjonale fødeplanen ville gjort nedlegginga umogleg, og meiner at det er grunnen til at helseføretaket har hastverk.

– Ingen politisk styring

I Arendal har 12 000 personar aksjonert for lokalsjukehuset, og det brenn eit blått lys for sjukehuset i Odda.

Kommunelege Trond Inselseth meiner dette er eit eksempel på at ein har mista politisk styring med helsepolitikken.

– Vi saknar veldig sterkt ei statleg styring av sjukehustilbodet. I dag er det i altfor stor grad overlete til helseføretaka som får gjere akkurat det dei vil, seier Inselseth til NRK.no.

Helse Vest hyllar nedlegginga

Helge Bryne

SAMD: Helge Bryne, Helse Vest sin representant i Helse Førde-styret, hyllar nedlegginga.

Foto: Bård Siem / NRK

– Å legge ned fødetilboda er stikk i strid med signala som regjeringa har gjeve om sjukehusutvikling, og i strid med oppdraget dei fekk frå Helse Vest, seier Inselseth.

Men Helse Vest til representant i Helse Førde-styret, Helge Bryne, hyllar nedlegginga. Det gjorde også resten av styret på fredagens styremøte.

Inselseth meiner på si side at det er på høg tid at helseføretaka får korreks.

– Det er på tide med ei oppløysing av den regide føretaksløysinga ein har i dag, for den vil etter kvart bli helseskadeleg, seier kommunelegen.