Hopp til innhold

Vedtok 60 millionar til Helse Førde

Pengane skal gå til kjøp av utstyr.

Herlof Nilssen

Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

- Det er bevilga 60 millionar kroner til investeringar og kjøp utstyr i Helse Førde, og det slutta styret seg einstemmig til, seier Herlof Nilsen, administrerande direktør i Helse Vest.

- Ikkje Helse Førde sitt ansvar

Nilsen hadde i framkant av styremøtet føreslege å gje dei 60 millionane til Helse Førde - som slit med utstyrsmangel. Likevel er ikkje kartlegginga av investeringsbehovet i Helse Førde like klar som Helse Vest ønskja seg i utgangspunktet.

- Me har vore ganske tydeleg heile vegen på at Helse Førde måtte ha klar ein strategi før me tok stilling til investeringsbehovet. No har Helse Førde hatt ein strategi klar, men så har andre ting teke tid. Mellom anna heng investeringsbehovet saman med organiseringa av fødetilbodet, og der er det ikkje Helse Førde sitt ansvar at ting tek tid no, så då valde me å handsama investeringssaka på dette styremøtet, seier Nilsen.

- Kva kan pengane nyttast til?

- Dette er pengar Helse Førde må vurdera korleis dei skal nytta utfrå sitt totale investeringsbehov.

Inga avgjerd om Gulen

Styremøtet hadde også oppe søknaden til Gulen om å flytta frå Helse Førde til Helse Bergen, men her skal styret ta endeleg avgjerd i eit seinare styremøte.