Vil leggje ned lokalsjukehusa

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg.
Foto: Per Kristian Grimeland/NRKStyret i Helse Førde går inn for å leggje ned sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal og oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde.
Publisert 05.03.2010 09:48. Oppdatert 05.03.2010 10:55.
- Skriv ut
- Lokalsjukehusa skal verte lokalmedisinske senter utan sengepostar, dette var den dramatiske bodskapen då styreleiar Clara Øberg presenterte forslaga til korleis Helse Førde skal få orden på økonomien.
Det skjedde på eit på dialogmøtet mellom styret i Helse Førde, ordførarane i fylket, leiinga i Helse Vest og helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen på Sunnfjord Hotell i dag.
- LES OGSÅ: Fødetilbodet vert kutta
- LES OGSÅ: Berre eitt sentralsjukehus i fylket
Fødetilboda forsvinn

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen.
Foto: Per Kristian Grimeland/NRKStyreleiar Øberg presenterte tre konkrete kuttframlegg, og sa samtidig at styret går inn for eit forslag som betyr eit sentralsjukehus i Førde og to lokalmedisinske senter i Lærdal og Nordfjordeid. Det betyr at lokalsjukehusa blir lagde ned i sin noverande form, og at begge fødeavdelingane også blir lagde ned, ifølgje Øberg.

Anne-Grete Strøm-Erichsen er på plass på dialogmøtet.
Foto: Per Kristian Grimeland/NRKFør møtet var det spent stemning på Sunnfjord hotel, og møtestart klokka 10.00 måtte endrast fordi statsråden med følgje var forseinka på grunn av kraftig snøfall.
- LES OGSÅ: Sterker reaksjonar på kuttforslag
- LES OGSÅ: Kritisk Selje-ordførar
Ut på høyring
Forslaget frå styret skal sendast ut på ei omfattande høyring som skal vere klar 18. april.
- Det er tre modellar vi sender på høyring. Det er viktig å få sagt at det er ein reell høyring, der vi vil gå nøye alt gjennom alt som kjem inn før vi bestemmer oss. Men av dei tre modellane, tilrår vi modellen med eit sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter, seier styreleiar Clara Øberg.
NRK Sogn og Fjordane følgjer møtet fortløpande på nett, og du kan høyre frå møtet både i føremiddagssendinga klokka 11.03 og i ettermiddagssendinga klokka 16.03 på radio. Sjå også Vestlandsrevyen i kveld.
Les
Helse Førde
- Delte meiningar om nytt HF-namn
- Fekk avlyst operasjon - to gonger
- Nordfjordingar vil bli møringar
- Kring 20 sjukehustilsette i uvissa
- Brukte 11 timar til sjukehus
- Vil ha berre sogningar i styret
- Sjukepleiarar utan arbeidsoppgåver
- Sette punktum for ortopedien i Eid
- Helse Førde kuttar hardt i BUP
- Mowatt gir Sp skulda for raude tal
- Stengjer fødeavdeling til sommaren
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum