Då må du vente lenge på politihjelp dei neste vekene.
For politiet klarer ikkje å bemanne alle lensmannskontora i fellesferien, og stengjer difor desse åtte kontora i fleire dagar dei komande vekene.
Det skriv Bergens Tidende torsdag.
LES:
– Beredskapen blir svekka
I Gaular er lensmann Svein Rød den einaste politimannen på jobb denne veka. Når han tek ferie neste veke, stengjer han kontoret etter seg.
– Det er ikkje godt nok. Vi vil vere heilt avhengige av hjelp frå nabokommunane om noko skjer, og beredskapen blir i høgste grad svekka, seier Rød til Bergens Tidende.
Rykkjar ikkje ut til fyllebråk
Situasjonen er så alvorleg at politiet i mange tilfelle ikkje kan rykkje ut til meldingar om fyll og bråk.
– Vi kryssar fingrane for at det ikkje skjer store ting no i ferien, seier fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund Dag Øyen, som arbeider til dagleg på operasjonssentralen i Florø.
LES:
– God nok
Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, seier at han ynskjer at alle lensmannskontora var bemanna året rundt, men påpeikar at óg politifolk har krav på ferie.
– Eg meiner likevel at beredskapen er god nok, seier Brekke.
Han håpar folk har forståing for at politiet har ein kvardag med knappe ressursar.
– I ein ideell situasjon skulle vi hatt mange fleire politimenn tilgjengelege, men vi lever diverre ikkje i ein slik situasjon, seier politimeisteren.
- Er politi-situasjonen i fylket forsvarleg? Diskuter i kommentarfeltet!