Hopp til innhold

- Opseth må ete orda sine

Budsjettvinnaren hugsar kva Kjell Opseth sa til ho hausten 2005. No meiner ho det er motbevist.

Liv Signe Navarsete
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Eg er svært nøgd. Dette er eit løft på samferdsle ingen kunne tenkt seg då me tok til med denne regjeringa for tre år sidan. Då vart det fleipa med at me skulle nå ramma vår. Det gjorde me i 2007-budsjettet. No låg det att ein del etterslep i forhold til 2006-budsjettet der vi ikkje klarde det fullt ut, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Nesten alle nøgde

Både nasjonalt og i Sogn og Fjordane var det reist store forventningar til samferdsle i forslaget til statsbudsjett, forventningar som har vorte innfridde - med unntak av opprustring av strekninga frå Olden til Innvik. Nyleg kåra til den verste vegen i landet.

Ingenting til Olden-Innvik

- I dette budsjettet startar me opp alle prosjekt som ligg i handlingsprogrammet i inneverande Nasjonal Transportplan. Det finst nokre som ikkje er finansiert fullt ut og nokre som manglar planavklaring, men elles startar vi opp alt. Der låg ikkje Olden - Innvik inne, seier Navarsete og spelar ballen tilbake til Fylkestinget som set opp prioriteringane.

75 millionar til Kvivsveg

- Berre å heise flagget

Kvivsvegen, E16 Borlaug - Voldum, E39 Torvund - Teigen, Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet har alle fått pengar. Rett nok har dei to sistnemnde berre fått pengar til prosjektering og grunnkjøp, men Navarsete ser ingen grunn til at folk i Dalsfjorden og Bremanger skal ta ned att flagget den grunn.

- Eg har ingen signal som tyder på at det ikkje er grunn til flaggheising i Dalsfjorden, seier ho og viser til at det blir fylkespolitikarane sine prioriteringar som styrer denne prosessen frå no av.

Sei di meining om Dalsfjordbrua her: Pengar til Dalsfjordbrua

Motbeviste Opseth

Trass i ein litt treg start på den storsatsinga Navarsete lova då ho vart samferdsleminister står ho i dag fram som den store budsjettvinnaren. Dermed kan ho ikkje dy seg for å dra opp ein episode frå Gardermoen hausten 2005.

Opseth: - Eg tek det som ein honnør

- Kjell Opseth sa til meg at det du ikkje får den første budsjetthausten klarar du aldri å ta igjen. Eg tenkte han skulle få bite i seg dei orda, og det får han i dag. Vi har overoppfylt ramma på Nasjonal Transportplan med 1,9 milliardar kroner. Det er klart at ein samferdsleminister må vere nøgd med det, og det bør også alle dei som skal bruke vegar og jarnbaner i heile landet, seier Navarsete.