Hopp til innhold

Ingenting til Olden-Innvik

Stor skuffelse fordi Olden-Innvik ikkje er nemnt i statsbudsjettet.

Olden-Innvik
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Direktør ved Hotel Alexandra i Loen Richard Grov er skuffa over at riksveg 60-Olden Innvik ikkje er nemnt med eitt ord i statsbudsjettet.

Uhaldtbart å vente lenger

Næringslivet i Indre Nordfjord har kjempa lenge for å få utbetra den smale og svingete vegen.

- Det er inga overrasking at ikkje Olden-Innvik er nemnt, seier Richard Grov og meiner statsbudsjettet er ei puslete satsing på samferdsle.

- Det er heilt uhaldbart å gå og vente lenger på Olden-Innvik. Vegen vart nettopp kåra til Norges verste vegstrekning, og det fortel kor ille det står til, seier Grov.

Trur på Olden-Innvik

Knut M. Olsen frå Senterpartiet trur ikkje dei som har kjempa for Olden-Innvik, har kjempa foregjeves.

Fylkestinget har prioritert Olden-Innvik etter Dalsfjordbrua og Bremangersambandet.

- Det er viktig at det ikkje blir forseinkingar på dei to sambanda som er prioritert først. Det er ingen grunn til at Olden-Innvik ikkje skal komme slik den er prioritert, seier Olsen.

Ventar på Nasjonal Transportplan

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete seier at det ikkje er sett av midlar til Olden-Innvik i 2009.

- I dette budsjettet startar vi alle prosjekt som ligg i handlingsprogrammet i inneverande Nasjonal Transportplan. Olden-Innvik ligg ikkje i handlingsprogrammet fordi det ikkje vart prioritert av fylket og Storintget i førre runde, seier Navarsete

Neste håp for dei som kjempar for utbetring av Olden-Innvik er å komme med på Nasjonal Transportplan som vert lagt fram til vinteren.