Hopp til innhold

75 millionar til Kvivsveg

Prosjektet E39 Kvivsvegen får 75 millionar kroner i statsbudsjettet.

Kviven ved Grodås
Foto: Ottar Starheim / NRK

- Dette er gledeleg for Sogn og Fjordane, og dette syner at regjeringa har styrka satsinga på trafikktryggleik, seier regionvegsjef for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, Olav Ellevset.

Tydeleg signal

Ellevset seier dette er eit tydeleg signal om at om at vegprosjekta går som planlagt i det inneverande budsjettet.

Men han seier dette er forslag til budsjett, og det er enno uklart kva for status vegane får.

Fullfinansiert

Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med bygging av vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Geitvika i Volda kommune i Møre og Romsdal og om lag 3 kilometer sidevegar og 1,5 kilometer gang- og sykkelveg.

I prosjektet inngår mellom anna ein tunnel på om lag 6,5 kilometer og tre korte tunnelar og to bruer. Resultatet vil vere ferjefri stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre og knyte saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet skal fullfinansierast med statlege midlar.

Knut M. Olsen (Sp)
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Vil bli prioritert

Knut M. Olsen, leiar i samferdsleutvalet på fylket meiner også dette er sterke signal.

- Dette er eit tydeleg signal om at vi vil bli prioritert i nasjonal transportplan, seier Knut M. Olsen, leiar i samferdsleutvalet på fylket.

Han meiner dette gjev større moglegheiter for å satse tungt på E39.

- Det er svært viktig å satse på samferdsle, og byggje infrastruktur. Det trur eg vil bety mykje for dei aller fleste i fylket,

Uvisst om Olden-Innvik

Olsen vil ikkje vere med på at vegen Olden-Innvik vert nedprioritert.

- Det er som er viktig å hugse på, er at når dei to andre store prosjekta får midlar, vert det ingen forseinkingar der og Olden-Innvik vil då bli prioritert som planlagt etterpå, seier Olsen.

Også Norvald Nøringseth ser frammover.

- No kjem endeleg satsinga på vegane. det har lege som ei mare i mange år. No kan vi endeleg konsentrere oss om nye prosjekt, seier han.