Hopp til innhold

- Eg tek det som ein honnør

Men Opseth vil ikkje "ete orda sine" umiddelbart.

Kjell Opseth
Foto: NRK

Kjell Opseth hugsar godt episoden Liv Signe Navarsete i dag drog fram då ho var presentert som den store budsjettvinnaren då statsbudsjettet vart lagt fram i dag.

- Om det er det som gler ho Liv Signe mest i forbindelse med budsjettet tek eg det som ein honnør, seier han.

- Ete orda sine

Tidlegare i dag nevnte Navarsete møtet ho hadde med Opseth på Gardermoen hausten 2005.

- Kjell Opseth sa til meg at det du ikkje får den første budsjetthausten klarar du aldri å ta igjen. Eg tenkte han skulle få bite i seg dei orda, og det får han i dag. Vi har overoppfylt ramma på Nasjonal Transportplan med 1,9 milliardar kroner. Det er klart at ein samferdsleminister må vere nøgd med det, og det bør også alle dei som skal bruke vegar og jarnbaner i heile landet, seier Navarsete.

- Opseth må ete orda sine

Rydda heller skog

Kjell Opseth har vore oppteken med skogrydding på hytta i dag, og det gamle samferdslekjempa har ikkje følgt nøye med på budsjettet. Likevel gir han uttrykk for at samferdsleløyvingane er som venta.

- Eg har registrert at det er ein god del bompengeprosjekt i dette på debatten forkant. Og eg for min del er glad for at det blir satsa på samferdsle, for det har jo vore sagt lenge at det skal skje, seier den tidlegare samferdsleministeren.