Hopp til innhold

Innestengde i minst ei veke

Enormt snøras isolerer bygd i minst ei veke.

I går vart Veitastrond isolert på nytt. Eit 400 meter breitt snøras gjekk rett over vegen, berre minutt etter at skulebussen hadde passert.

LES OGSÅ: Snøras rett i husveggen

Dårleg vêr

- Eg har vore i kontakt med Mesta som seier at det vil ta minst ei veke berre å opne raset. Men vi må vere sikre på at det ikkje er fare for fleire ras før vi set i gang med opprydding, seier Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

Vegvesenet skulle eigentleg ha vore opp med helikopter i dag, men dårlege vêrtilhøve gjorde ikkje dette mogleg.

- Tek ingen sjansar

- Vi er ikkje sikre på om alt er komme ned. Vi tek ingen sjansar, seier han.

- Kor lenge blir Veitastrond isolerte?

- Det er vanskeleg å seie eksakt, men eg trur det vil gå minst ei veke før vi har fått rydda opp raset, seier han.

John Molland som bur i Veitastrond er fortvila over situasjonen.

- Det er nesten slik eg ikkje vil tenke på det. Vi får håpe det ikkje er verkelegheit. Eg trur ein del av innbyggjarane er litt engstelege. Det er ikkje rart, seier Molland.

Vande med ras

Det er ikkje første gong Veitastrond er isolerte denne vinteren. Tidlegare denne månaden har ras isolert bygda to gonger.

LES OGSÅ: Bygd isolert av ras
LES OGSÅ: Veitastrond isolert på nytt