Raset gjekk onsdag ettermiddag ved Kvam på vegen mellom Hafslo og Veitastrond.
Store mengder snø sperrar no vegen.
Ikkje opna i dag
Ingen blei skadde, men vel 100 personar i Veitastrond er dermed isolerte. Det er i kveld usikkert kva tid vegen kan ryddast og opnast.
- Vi fekk melding om raset klokka ti på fire, og vegen blir ikkje opna i dag. Dei som ryddar vegen går ikkje inn i rasområde når det er mørkt, seier Arne Stadheim ved Vegmeldingssentralen.
Luftputebåt
Per Heggestad som bur i Veitastrond seier at dette er andre gongen dette året at dei er isolerte.
- Dette raset er 4-5 meter høgt og omlag 100 meter breitt, seier han.
No i kveld skal han vere med å hente folk ved hjelp av ein luftputebåt dei har i Veitastrond.
- Det er fleire som ventar på Hafslo for å komme seg heim til Veitastrond. Desse personane vil vi hente med luftputebåten på det islagde vatnet.
Luftputebåten i Veitastrond
Foto: Kjell Arvid Stølen