Atle Osen ved Vegtrafikksentralen seier at Mesta hadde begynt å rydde opp etter raset.
- Men det har komme veldig mykje snø og no kom mørket, så då må Mesta trekkje seg vekk og får ikkje rydda ferdig, sa han til NRK fredag.
Laurdag føremiddag vart oppryddingssarbeidet starta opp igjen, og no melder Vegtrafikksentralen at vegen er open.
Galleri:
Større enn sist
- Raset fredag ettermiddag er større enn raset som gjekk onsdag, og har gått på same plassen. Det fortel John Molland, som bur på Veitastrond.
Han er ein av dei vel 100 innbyggjarane som er isolerte av ras.
- Raset er opp mot 10 meter på det høgaste, fortel Molland, som sjølv har vore på rasstaden.
Andre gongen på tre dagar
Onsdag ettermiddag gjekk eit ras på same staden. Då opna ikkje vegen før dagen etter. Etter raset kravde innbyggjarane ein rassikker veg.
LES OGSÅ:
- Det ligg i bakhovudet vårt heile tida, for me snakkar om den absolutt mest rasutsette strekninga i Sogn og Fjordane, sa Asbjørn Nes, leiar i rassikringsnemnda på Veitastrondi torsdag.
LES OGSÅ: