Hopp til innhold

Snøras rett i husveggen

Råda frå skredekspertane er eintydige – no er det farleg i fjellet på Vestlandet.  Både på og utanfor vegane.

Bygda Veitastrond i Sogn er isolert etter eit stort snøras. Det betyr at 150 innbyggjarar i den vesle bygda er utan både veg, straum, og dekning på mobiltelefon.

LES OGSÅ: Veglause, straumlause og utan mobil

- Raset som tok vegen og straumen er heilt enorm, og den gjekk like etter at skulebussen hadde passert, seier Asbjørn Nes som bur i Veitastrond.

Det er ikkje først gong bygda er isolert:
Les:  Bygd isolert av ras
Les: Veitastrond isolert på nytt

Ras i Oldedalen

Oppryddinga etter raset i Olden er i gang.

Foto: Arne Vik

Det er ikkje berre i Veitastrond det rasar. Også i Olden har eit snøras ført til stenging av fylkesveg 724 mellom Olden og Briksdal ved Gytri. Oppdrydding er i gong.

LES OGSÅ: Oppdaterte vegmeldingar

Riksveg 55 open

Dei største problema har rasa skapt i på riksveg 55, der eit ras stengde vegen mellom Høyanger og Vadheim. Raset førte til at nesten 100 personar ikkje kom seg på jobb.

LES OGSÅ: 80 kjem seg ikkje på jobb

- Det har kome ein del nedbør og mykje vind så det er ingen overrasking at så mange vegar er stengde, seier skredekspert Kalle Kronholm i Norges Geotekniske institutt.

LES OGSÅ: Riksveg 55 er open

Han seier verutviklinga i det siste har vore svært uheldig med tanke på ras.

- Det har kome veldig mykje snø og i løpet av natta kom det ny nedbør som vil bruke tid på å feste seg, så no er me vel oppe i faregrad fire, seier han.

- Går ikkje faregrads-skalaen til fem?

- Jo. Det inneber at rasfaren er stor og at det er sannsynleg at det kjem skred ned på vegane, seier Kronholm.

Ras i høyangerfjorden

Raset har følgt eit elvegjeld ned mot riksveg 55 vest for Hovdetunnelen i Høyangerfjorden.

Foto: MMS- Trude Bakke/NRK

Meir i vente

Om utviklinga vidare har han gode nyhende på kort sikt, og dårlege på lang sikt. Det betyr mykje nedbør, vind og vekslande temperaturar som gjer at ein også må vere ekstremt forsiktig om ein vil på ski.

LES:  - Hald deg i preparerte løyper

- Det vil roe litt seg i løpet av dagen og så vil det ta seg opp att dei næraste dagane, seier Kronholm. 

- Årsaka til alle desse problema er eit lågtrykk som ligg rett vest av Stad. Nedbøren vil etter kvart kome i form av bygever og temperaturen vil falle ganske fort. Medan me måtte over 1000 meter for å få snø i natt vil snøgrensa falle til 200-300 meter utover dagen, seier meteorolog Ivar Hjellestad ved vervarslinga på vestlandet.

- Skredfaren vil halde seg ut heile denne veka her, legg han til.