Hopp til innhold

Johan Skorge frå Eid kunne vore romanhelten: - Magiske likskapar, seier Michelet

Berre 17 år gamal vart Johan Skorge frå Eid krigsseglar i tankfart mellom USA og England. Historiene han kan fortelje frå den tida er til forveksling særs like dei Jon Michelet fortel i sine populære romanar om krigsseglarane.

Historia til Johan Skorge er som tatt ut frå Jon Michelet sin roman "En sjøens helt".

LIKSKAPAR: Johan Skorge tok del i krigsfarten til sjøs frå han var berre 17 år. Det gjorde også Jon Michelet sin fiktive romanhelt.

Foto: Privat/Kagge forlag

– Dei har mykje til felles, det er nesten magisk. Skorge kom ikkje ut for noko, og var heldig gjennom krigen. Han var med på alt, men vart likevel ikkje råka, det er utruleg, seier forfattaren Jon Michelet.

I sin romanserie om Krigsseglarane skriv han om Halvor Skramstad. Og likskapane til eidaren Johan Skorge er mange. Dei var begge unge, reiste tidleg ut i krigen og var skyttarar om bord i tankbåt.

Levde eit farefullt liv

I ei stove på Eid sit den 90 år gamle Johan Skorge og kan fortelje levande om alt han var med på under krigen. Han kom til England som 17-åring og gjekk på styrmannsskule i London.

90 år gamle Johan Skorge opplevde dramatiske år til sjøs under krigen.

DRAMATISK: Trass mange farlege hendingar til sjøs sit Johan Skorge på 90 år tilbake utan mein frå livet som krigsseglar.

Foto: Harald Kolseth

– Det var mange bombefly over oss, men vi var litt i utkanten og ingen vart tekne der. Vi merka det godt, men vi måtte ta det som det kom. Vi var på skulen på dagen og på natta søv vi, fortel Skorge om nokre av opplevingane.

Han valde eit liv på sjøen for det var ikkje så mykje å finne på i heimtraktene, og då krigen braut ut 9. april hadde ha ikkje pengar til å kome seg heim. Med ei krone i lomma var det berre sjøen som var aktuell som arbeidsplass.

Etter skulegang i London mønstra han på tankbåt.

– Alt var farleg. VI gjekk med tjukkolje, som var rekna for å vere betre enn bensin. Vi segla til Karibia, til New York og så var det konvoi tilbake til England, fortel 90-åringen.

Såg naboskipet gå opp i eld

Å fare med last mellom kontinenta var eit farefullt oppdrag. Vanlegvis var det mellom 30–50 båtar som gjekk saman i konvoiar, men Skorge opplevde også å vere med på at nær 120 båtar la ut på den farefulle ferda saman.

– Vi andre fortsette dersom båtar vart skotne på. Den minste båten gjekk heilt bak, den skulle plukke opp folk.

Ein gong vart båten som gjekk på sidan av dei skoten på. Skorge låg, som vanleg med kleda på, klar til å ta skytevåpenet fatt, då naboskipet lasta med bensin vart sett i fyr og flamme.

– Ein mann låg på bakken og det var flammar alle plassar. Eg bøygde meg ned for å få klart magasinet, då eg riste meg opp at var mannen vekke. Enten hadde han hoppa på sjøen, eller så var han teken av flammane. Det var triste greier, men lite vi kunne gjere. Vi berre fortsette, det gjorde alle, fortel Skorge.

Jon Michelet

MØTE: Forfattar Jon Michelet vil gjerne møte krigsseglaren frå Eid, for å høyre meir om Johan Skorge sine opplevingar som krigsseglar.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Kan inspirere nye bøker

Jon Michelet sine bøker om krigsseglarane er kritikarrost. For kort tid tilbake vart han klar over Skorge si historie, og han vil gjerne prate meir med sjømannen frå Eid.

– Det er openbart at han har mykje å fortelje. Det hadde vore fint å ha nokre timar eller dagar med han, seier forfattaren.

Dei har snakka saman på telefon, og forfattaren har allereie fått nytte av kunnskapen til den verkelege krigsseglaren.

– Han kunne fortelje om rakettar som datt ned utanfor det sentrale London, der eg trudde alle gjekk. Og eg kan truleg kyrssjekke opplysingar om båtar. Han er vedunderleg klar i toppen og kunne fortelje om båt, etter båt, etter båt, seier Michelet, som er imponert over at Skorge ikkje verkar å ha fått mein etter alle dei dramatiske hendingane til sjøs.

For det er Skorge sjølv klar på, trass i alt han var vitne til, så har han ikkje vorte prega av det seinare.

– Det gjekk ikkje så sterkt inn på meg, kanskje fordi eg var så ung. Eg heldt fram med å segle, for eg hadde ikkje så mykje anna å ta meg til med, seier Johan Skorge.