Hopp til innhold

Provosert av Forbrukarråd-uttale

Forbrukarrådet ber politikarane prioritere dei store togutbyggingane på Austlandet framfor vegar andre stader. Det provoserer leiar i Stamvegutvalet i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Jenny Følling

FORUNDRA: Stamvegutval-leiar Jenny Følling er forundra over at Forbrukarrådet som skal tene forbrukarar over heile landet, ber politikarane om å prioritere jernbaneutbygging på Austlandet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ytringa frå Forbrukarrådet kom fram under ei høyring i samband med Nasjonal Transportplan tidlegare denne veka.

Følling meiner det er svært spesielt at leiaren i Forbrukarrådet på denne måten legg seg opp i politiske prioriteringar.

– Eg er svært forundra over leiaren i Forbrukarrådet som går inn og legg seg opp i politiske prioriteringar, når dei bør tene forbrukarar i heile landet, seier ho til NRK.no.

– Må ha begge deler

Ifølgje Følling hoppar Forbrukarrådet galant bukk over det faktum at utbygging av vegnett andre stader enn på Austlandet vil vere med på å redusere presset på byane.

– Ei utbygging av E39 til dømes, vil vere med på å utløyse eit stort næringspotensial knytt til dei store naturressursane som ligg på Vestlandskysten. Då vil ein kunne etablere arbeidsplassar i på Vestlandet som kan vere med å redusere presset på dei store byområda. Ein treng å gjere både òg, slik regjeringa har føreslege i Nasjonal Transportplan, seier ho.

Men ho vedgår at dette gjeld eit område med svært mange brukarar som kunne hatt god nytte av utbygging av jernbanenettet. Likevel meiner ho det er feil å berre tenkje satsing på Austlandet.

– I Nasjonal Transportplan er det satsa ganske tungt på Intercity-triangelet på Austlandet som er med på løyse ein del av desse problema. Så her ligg det løysingar både for pressområda, men også for å løyse ut det store verdiskapingspotensialet som Vestlandet blant anna har, seier Følling.

– Arrogant

Også fleire stortingsrepresentantar har reagert på Forbrukarrådet sitt standpunkt. Blant dei er Bård Hoksrud i Framstegspartiet. Han meiner rådet sviktar bilistar og syklistar, samt si eiga rolle som brei forbrukarorganisasjon.

– Det er bra at Forbrukarrådet er opptekne av jernbane på Austlandet, men det er ganske arrogant når dei eigentleg seier til heile resten av landet at vi ikkje bryr oss om dykk. For forbrukarrådet har eit ansvar for alle forbrukarar, anten dei er togkøyrarar, bilistar, syklistar eller anna.