NCC har møtt på så mange problem under byggjearbeidet med Dalsfjordsambandet at dei meiner Fylkeskommunen må kompensere for utgiftene. Men til no har ikkje Fylkeskommunen ville betale dei 93 millionane entreprenøren har kravd.
Om vel to månader startar rettssaka. NCC sin advokat Nils-Henrik Pettersson seier dei har prøvd å kome til semje utan rettssak, men det har dei ikkje lukkast med.
– Vi har ønskt å ha mekling om desse sakene. Det er ei ordning med rettsmekling som ein vanlegvis brukar og som svært ofte gir resultat, men Fylkeskommunen har ikkje ønskt mekling, seier han til NRK.no.
- LES OGSÅ:
Rote fjell og ras
Det var ein stor jubeldag for brukarane av sambandet då første salva small i oktober 2010. Endå større, då siste salva small i desember året etter.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men no er det Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane som bokstavleg talt kan gå på ein smell.
NCC krev nemleg 93 millionar kroner meir enn avtalt for jobben. Årsaka er at dei møtte på uventa mykje rote fjell, og på grunn av eit ras som forseinka arbeidet.
NCC sin advokat har tidlegare vedgått at kravet er uvanleg stort.
- LES OGSÅ.
- LES OGSÅ:
Ikkje slik anbodet la til grunn
Det er no sett av to veker til saka når den skal gå i Fjordane tingrett i slutten av mai.
– Det er mange forhold. Det er komplekse byggveker, og særleg i dette tilfellet der det har vore veldig mykje som ikkje var slik anbodsgrunnlaget tilsa.
– Då blir det tilleggskrav og det er ikkje uvanleg at det blir usemje om det, seier Pettersson til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Vil ikkje kommentere
Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, vil ikkje kommentere saka før rettssaka. Ho avviser likevel at det er dårleg planlegging som har gjort at fylkeskommunen har hamna i denne situasjonen.
Heller ikkje advokat Olav Bergsaker, som representerer Fylkeskommunen, vil kommentere saka utover at det ikkje blir fleire forsøk på mekling.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Varslar nye krav
Men krava mot fylkeskommunen kan bli endå større enn dei 93 millionane dei allereie er saksøkt for.
NCC kjem til å krevje meir pengar i sluttoppgjeret for prosjektet. Blir dei ikkje samde blir det ein ny rettssak, det stadfestar Pettersson.
– Forhåpentlegvis greier vi å bli samde om det meste, men det står att å sjå korleis det endar. I augeblikket er det ganske stor avstand om mange krav, seier advokaten.