Hopp til innhold

Høgre seier ja til gruvedrift

Sogn og Fjordane Høgre seier ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal. Det bestemte dei på årsmøtet sitt denne helga.

Steinbrotet i Engebøfjellet

OPPHAVET TIL KONFLIKTAR: Om det skal gis lov til gruvedrift eller ikkje i Engebøfjellet i Naustdal, har skapt stor debatt.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Gruveprosjektet i Naustdal med tilhøyrande fjorddeponi i Førdefjorden er svært omstridt. Miljøforkjemparane meiner at å dumpe overskotsmasse i Førdefjorden vil få svært store konsekvensar for livet i fjorden, medan dei som vil ha gruve argumenterer med at det er godt nok utgreidd at det fint går an å leva med utsleppa.

Det er selskapet Nordic Mining som vil utvinna mineralet Rutil frå fjellet.

Årsmøte i Sogn og Fjordane Høgre

SEIER JA: Sogn og Fjordane Høgre seier ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Krev raskt svar frå regjeringa

Sogn og Fjordane Høgre meiner dei positive sidene er fleire enn dei negative, og vil ha eit gruve-ja frå Regjeringa so fort so råd.

– Det var fantastisk gledeleg å få eit samla vedtak om dette, og no må Regjeringa forhåpentlegvis bestemma seg før valet. Om ikkje dei gjer det, so har Høgre sentralt sendt tydelege signal om at dei vil gripe fatt i dette med ein gong, dersom dei kjem i regjering, seier Harald Kvame, varaordførar i Naustdal (H).

Fjorddeponiet i Førdefjorden

FJORDDEPONI: Overskotsmasse skal dumpast i Førdefjorden om det skal utvinnast mineral i Engebøfjellet.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Høgre meiner at mineralprosjektet i Engebøfjellet vil legge grunnlag for omfattande auke av verdiskaping og busetnad i Sunnfjord.

Nærings- og handelsdepartementet har i si høyringsuttale til reguleringsplanen for Engebøfeltet, uttrykt ønskje om å gje eit mellombels utsleppsløyve for om lag 15 år. Departementet meiner at ein kan bruke fjorddeponiet opp til 220 meter utan at det kjem i konflikt med miljøomsyna.

Engebøfjellet

ENGEBØFJELLET

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Aldri vore so godt dokumentert

I ja-et til Høgre legg dei til grunne at det blir full overvaking utsleppa i fjorden.

– Det har vel aldri vore so godt dokumentert anleggsområde og ei ny næring som det er her, so no er det på tide med ei avgjerd, seier Kvame.

– Miljørørsla og Havforskingsinstituttet er krystallklåre på at dette vil få store negative konsekvensar for livet i fjorden?

– Ja, men dei faglege instansane som har vore inne og som det blir tilvist til i konsekvensutgreiinga, dei seier noko anna. Eg trur på dei fagfolka, noko anna ville vore heilt uhøyrt.

Partiet er svært kritiske til at Regjeringa har brukt so lang til på å ta ei avgjerd.

– Eg trur det er veldig viktig å ta ei avgjerd no. På grunn av dei nasjonale interessene her, kan ikkje eit firma venta so lenge på ei avklaring med å koma gjennom med eit so viktig prosjekt for nasjonen, seier Kvame.

Seinast for ein månad sidan sa Miljøverndepartementet at dei ikkje visste kor tid ei avgjerd er klar.