Hopp til innhold

Sanner: - Ein god og verdig debatt

Det var viktig at Sogn og Fjordane Høgre tok eit val. Det meiner nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, som følgde E39-debatten frå bakarste benk.

Jan Tore Sanner

GOD DEBATT: Jan Tore Sanner er nestleiar i Høgre. Han følgde debatten om E39 frå bakarste benk og er imponert over måten debatten gjekk føre seg på.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kor skal E39 krysse Nordfjorden i framtida? Via Anda-Lote eller via Stryn? Spørsmålet førte til ein opprivande debatt under årsmøte i Sogn og Fjordane Høgre laurdag.

Til slutt gjekk det store fleirtalet inn for indre linje, sjølv om protestane frå Gloppen og Eid var massive. Høgre sin nestleiar, Jan Tore Sanner, meiner debatten om saka var god.

– Eg er veldig imponert over måten Sogn og Fjordane har gjennomført denne debatten på. Det er klart at traseval vekkjer kjensler.

– Men no er Sogn og Fjordane blitt så store og viktige at dei må ta slike avgjerder, seier Sanner til NRK.no.

Lødemel snudde

For to veker sidan kom nyheita som Høgre-folk i Gloppen og Eid til å steile. Stortingsrepresentant og stortingskandidat for Høgre, Bjørn Lødemel, hadde gjort heilomvending.

Til no har han halde på at E39 skal gå med bru via Lote-Anda, det gjer han ikkje lenger. Han vil heller ha vegen om Stryn.

Reaksjonane let ikkje vente på seg. Gruppeleiar i Eid Høgre, Tore Hjelle, var både overraska og skuffa og meinte Lødemel sine argument var dårlege. I Gloppen Høgre vart dei så forarga at dei likevel ikkje ville ta imot Lødemel på årsmøte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Lødemel og Tore Hjelle

SKUFFA: Tore Hjelle i Eid Høgre er svært skuffa over vedtaket. Her saman med Bjørn Lødemel (til venstre).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Må leve med ulike oppfatningar

Ikkje overraskande vart det kamp når Sogn og Fjordane Høgre laurdag skulle ta stilling til kva dei skulle meine om traseval.

Representantar frå Gloppen og Eid sa under debatten at det ville vere eit svik mot midtre Nordfjord å gå for E39 via Stryn, og at det ville bli svært vanskeleg å drive valkamp med eit slikt vedtak.

– Det er ekstremt skuffande, og det er ekstremt unødvendig å køyre dette løpet no på dette tidspunktet. Skulle vi først ha teke eit standpunkt burde vi ha teke det langt tidlegare, sa Tore Hjelle i Eid Høgre.

Misnøya i Gloppen og Eid til trass, Jan Tore Sanner meiner det var svært viktig at årsmøte tok ei avgjerd og no seier at dei går inn for E39 om Stryn.

– Så må ein lære seg å leve med at det er litt ulike oppfatningar, seier han til NRK.no.

Sakleg og god debatt

Sanner seier liknande problemstillingar dukkar opp landet over, men at ein må tore å ta debatten.

– Ein har her gjennomført debatten på ein verdig måte, og ein viser at ein er store og viktige i fylket, seier nestleiaren

Også Bjørn Lødemel er nøgd med debatten rundt saka.

– Det var ein sakleg debatt. Det er ei vanskeleg sak, men debatten var god og vi fekk gjort ei val. Eg trur det er viktig at Sogn og Fjordane Høgre tek eit val, fordi dette er ei viktig sak, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

INDRE LINJE: Årsmøte i Sogn og Fjordane Høgre gjekk til slutt inn for at E39 i framtida bør gå om Stryn, ikkje via Anda-Lote slik den gjer i dag.

Foto: Statens vegvesen

Håpar å finne ein god strategi vidare

Sidan han snudde i saka for vel to veker sidan har han fått merke at ikkje alle partifellene i heimfylket er spesielt nøgde.

Lødemel seier han forstår at kollegaene i Eid og Gloppen er skuffa, og er difor spesielt glad for at det var eit fleirtal på årsmøte som gjekk inn for E39 via Stryn.

– Eg veit det har vore ein vanskeleg periode sidan eg gjekk ut med mitt standpunkt, men no er det Høgre i Sogn og Fjordane, og det er eit endå klarare signal enn når det berre er eg som går ut med mitt standpunkt, seier han til NRK.no.

I Eid og Gloppen seier Høgre-representantane at det kjem til å bli vanskeleg å drive valkamp for Høgre og Lødemel. Sjølv trur Høgre-toppen at ting vil gå seg til. Han fryktar heller ikkje utmeldingar som følgje av standpunktet om E39.

– Eg håpar sjølvsagt ikkje det skjer. Eg håpar vi kan bruke litt tid på dette, og så finne ein god strategi vidare, seier Lødemel.