Hopp til innhold

Går langt i å love bru på Lote-Anda

Sp-leiar Liv Signe Navarsete går langt i å love bru på Lote-Anda. Det likar Gloppen-ordføraren godt.

Kart og Navarsete

SIGNAL: Mange tolka Liv Signe Navarsete til å komme med ein lekkasje frå NTP då ho stod på talarstolen på Sandane måndag kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / Statens vegvesen/NRK

Det var under ein debatt på Sandane måndag kveld at Navarsete kom med det som kan tolkast som ein lovnad om bru over Nordfjorden.

Sjølv om det formelle vedtaket fyrst kjem i Nasjonal Transportplan, er fyrstekandidaten til Senterpartiet tydeleg på kva ho meiner.

– Me ønskjer ein E39 gjennom Sogn og Fjordane som også gir regional nytte. Det er klart at slike eksempel er vi vel midt oppe i her vi er akkurat no, sa Liv Signe Navarsete frå talarstolen.

Viktig med regionale vinstar

Og det førte til øyredøyvande applaus frå salen. Dei høyrde ho love ei etterlengta bru over Lote-Anda, som vil knyte Nordfjordeid og Sandane tettare saman. Ho utdjupa det sjølv etter debatten.

– Den saka er til handsaming no, så det er vanskeleg for meg å vere altfor tydeleg på det. Men eg trur eg sa det ganske greitt i det svaret eg gav; eg meiner at for Sogn og Fjordane fylke så er det viktig at vi også får regionale vinstar ut av den vegen, seier Navarsete.

Ho la til at ho nett la fram ei stortingsmelding der det å binde saman arbeidsmarknader var eit hovudpoeng.

– Og då seier det litt om kor regionalministeren vil stå. Men fylkestinget har jo sagt sitt her, og for regjeringa er det viktig kva fylket sjølv meiner, seier Navarsete.

Høyrde ein lekkasje

For fleirtalet på fylkestinget vil ha E39 i midtre Nordfjord, og ikkje i indre line om Stryn. Saka skal endeleg avgjerast av regjeringa i Nasjonal Transportplan, men Sp-ordførar Anders Ryssdal i Gloppen meiner partileiaren var tydeleg nok.

– Eg forstår at dei helst ikkje vil ha lekkasjar i forhold til Nasjonal Transportplan, men eg tykte eg høyrde ein dråpe som datt i golvet ifrå ein lekkasje i retning av midtre linje, seier Ryssdal.

– Kva tenkjer du som ordførar om det?

– Eg må seie at eg er nøgd, og viss det skulle skje at det går den andre vegen, så vert eg svært overraska, seier Ryssdal.

Navarsete understrekar at ho er lydhøyr til fylkespartiet sitt.

– Senterpartiet i Sogn og Fjordane er tydelege på denne saka med eit overveldande fleirtal. Eg har for vane å følgje opp det Senterpartiet i Sogn og Fjordane gjer, viss du no snakkar med meg no som førstekandidat, seier Navarsete.