Hopp til innhold

Ingen VM-medalje på Flatland

Trass i at vikja Ann Kristin Aafedt Flatland var sugen på revansje etter søndagens bitre fall frå ein VM-medalje søndag, heldt det ikkje til pallplass på dagens 15 kilometer.

Ann Kristin Aafedt Flatland

IKKJE FULLKLAFF: Ann Kristin Aafedt Flatland leverte eit greitt løp, men det heldt ikkje til VM-medalje.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har lyst til å gjere mitt beste, men det er fire skytingar, så eg må skru på brytaren, sa Flatland til NRK før løpet.

Søndag låg ho an til ein sensasjonell pallplass på jaktstarten. Men ein knapp kilometer frå mål, køyrde ho inn i russiske Olga Zajtseva, noko som resulterte i både fall og brota ski.

Då uhellet skjedde, låg ho på tredje plass, og kunne ha kjempa om sølvet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ann Kristin Flatland skjøt fullt hus på siste skyting og hadde meldt seg på i kampen om en pallplassering, men så fallt hun og brakk den ene skien. Kommentator: Andreas Stabrun Smith. Redigering: Hilda Klaveness

SURT: Flatland var svært nær ein VM-medalje søndag.

Fullt hus på første

Difor var det mange som håpte at vikjajenta skulle slå til under dagens distanse, men det gjekk ikkje heilt vegen.

Flatland skaut fullt hus på første skyting, men fekk ein bom på kvar av dei tre andre skytingane. Dermed vart det for langt fram til pallen, trass i at ho hadde ein bra dag i sporet.

Tora Berger gjorde eit kjempeløp, og med fire fulle hus var det ingen som kunne ta frå henne gullet.