Hopp til innhold

Noko slikt har Ann Kristin aldri vore med på før

– Det er nok den mest spesielle fotograferinga eg har vore med på, fortel skiskyttar Ann Kristin Flatland om bilete Thomas Morel tok av henne OL-sesongen for to år sidan.

Ann Kristin Flatland

IMPONERANDE: Dette bilete sikra Thomas Morel pris under årets Gullsnitt-konkurranse. Biletet vart tatt utandørs i 20 minusgrader. – Utstyrsprodusenten visste ikkje at utstyret fungerte i så mange minusgrader og nyttar biletet i marknadsføringa, ler Morel.

Foto: Thomas Morel

I helga vann vikjen Thomas Morel juryens spesialpris for det imponerande biletet han knipsa av sambygdingen under eit treningsopphald på Lillehammer før jul 2009.

Ann Kristin Flatland

SKISKYTTAR: Ann Kristin Flatland frå Vik.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

På bilete ser ein Ann Kristin Flatland stupe ut av ei snøsky, medan ho løyser skot med geværet. Endåtil prosjektilet er kome med på biletet.

– Det var litt utfordrande. Og eg vart litt uroa med tanke på at eg skulle gå verdscup like etter. Det var 20 minusgrader ute og det vart ein god del forsøk, fortel Flatland.

– Imponerande

Morel fekk prisen under årvisse Gullsnitt, som er Norges viktigaste konkurranse i reklamefotografi. Over 1 000 bilete vart vurdert. Det vart delt ut premiar i 12 ulike kategoriar.

23-åringen frå Vik fekk ingen premiar i kategorien Eige arbeid, men fekk i staden spesialprisen.

Stein Dahlsrud fortel at bilete var så fint og godt teknisk utført at juryen meinte den fortente ein spesialpris. I fjor vart det delt ut tre spesialprisar. I år berre ein.

– Imponerande augneblink der betrakteren kan studere alle detaljar, meinte juryen.

Grinete og misnøgd

Thomas Morel saman med kjærasten Frida.

PRIS: Thomas Morel saman med kjærasten Frida.

Foto: Privat

For Morel vart det ei spanande tid å vente i salen. På førehand vart han spurt om han ville komme til prisutdelinga og han håpa på ein pris.

Etter kvart som prisane vart delt ut, utan at han fekk pris, var også humøret dårlegare.

– Eg var litt grinete og misnøgd, men så fortel konferansieren at dei blåste liv i ein ny pris. Plutseleg kom bilete av Ann Kristin opp på storskjermen, seier Morel, som i fjor vann både Furore-stipend og var i semifinalen i den internasjonale fotokonkurransen Hasselblad Masters.

(Artikkelen held fram under biletet)

Handball-bilete.

HANDBALL: Dette biletet tok Thomas Morel av ein handballspelar. – Hovudfokuset på slike shoot er ein kunde og ide. Det viktigaste er å ha det gøy uansett om det er 20 minus eller 20 pluss, fortel han.

Foto: Thomas Morel

Flyttar til Bergen

Morel har ikkje anna utdanning enn idrettslinja på vidaregåande skule. Han er sjølvlærd fotograf, men har også arbeidd som bygningsarbeidar. Det vurderer han å trappe ned, no som han har fått lokale i Bergen og kjem til å flytte frå Sogndal.

Spesialprisen opna nye moglegheiter same dag.

Thomas Morel-foto.

MJØLK: Eitt av Morel sine mange bilete.

Foto: Thomas Morel

– Eg fekk spørsmål om å halde føredrag i Oslo, og fekk invitasjon også til San Francisco for å halde føredrag, gliser han og vedgår det vart litt arbeid med bilete av Ann Kristin Flatland.

20 minusgrader

Etter planen skulle biletet takast på Vikafjellet, men det klaffa seg aldri slik for dei to vikjane. Difor pakka Morel fotoutstyret og reiste til Lillehammer, der Flatland trena.

Sidan det var både verdscuprenn like om hjørnet, og OL-sesong, måtte ta ei runde med seg sjølv før ho kasta seg ut i det. Biletet vart tatt utandørs. I 20 minusgrader.

– Dette er heilt klart det mest spesielle eg har vore med på. Elles plar det vere i samband med sak, iført sponsorklede og logoar, eller til autografkort. Dette vart litt meir spektakulært, seier Flatland.Første pallplassering

Første pallplassering

Juryens Spesialpris under Gullsnitt 2011, gjekk til Thomas Morel.

SPESIALPRIS: I fjor fekk tre fotografar spesialprisen under Gullsnitt 2011. I år gjekk den berre til Thomas Morel.

Foto: Thomas Morel

For Flatland slo det ikkje negativt ut å vere med på fotograferinga. Ho slapp unna sjukdom og tok i første renn etterpå si første pallplassering i Oberhof.

– Korleis i alle dagar fekk du til dette biletet, Morel?

– Vi jobba ein kveld på Lillehammer. Fann fram spader, Ann Kristin stod på ein stol med rifle i handa og vi laga ein snødunge slik at ho skulle lande mjukt. Så stod kjærasten hennar bak og kasta snø på ho medan ho var i lufta.

– Kunne gå gale

– Det var jo mykje som kunne skje då. Eg skulle hoppe med børsa, legge den inntil skuldra og det skulle sjå bra ut. Når du hoppar med våpen, så kan det gå gale. Våpenet er skjørt og det er ikkje rare kakket som skal til før til dømes siktet er ute av stille eller at du skyt litt skeivt, held Flatland fram.

– Men det vart eit veldig flott bilete med veldig mykje liv i. Eg vart litt stolt sjølv då han fekk prisen, avsluttar Flatland med eit smil.

Video Dei prøver skia i det våte element

SJÅ KLIPP: – Eg vil prøve å få til noko som eg ikkje har sett før. Eg veit ikkje om vi får det til. Desse folka er flinke til å stå på ski, men funkar det på vatn òg, undra Thomas Morel om dette skistuntet.