Hopp til innhold

Lege rår folk til å snakke med borna sine

Kommunelege Tommy Norman ber foreldre snakke med borna om situasjonen i Algerie. Dei fleste får med seg mykje meir enn ein trur.

Normann og barn

PRAT: Kommunelege Tommy Norman understrekar at det er viktig å spørje borna korleis dei har det.

Foto: Yngve Tørrisdal / NRK

– Snakk om det og hald dykk til det de veit. Viss ikkje tek ein til å lage eigne fantasiar, og dei er ofte mykje verre, seier kommunelege i Gulen, Tommy Norman.

Både små og store tenkjer mykje på det som har skjedd og skjer i Algerie. Både på radio og TV er det kontinuerlege sendingar, noko som gjer at born kanskje får med seg ting dei har vanskeleg for å skjønne.

I Gulen er situasjonen framleis uavklart for ein mann derifrå som var på jobb på anlegget til Statoil på gassanlegget i In Amenas i Algerie då militante islamistar gjekk til angrep.

Bruk tid på å forklare

Norman i understrekar at det å kommunisere med borna er viktig slik situasjonen er.

– Eg vil absolutt be vaksne spørje borna om kva dei tenkjer om det og korleis det går. Og bruk tid på å forklare så godt det let seg gjere kva som har skjedd på ein skikkeleg måte, seier Norman.

Han håpar det snart kjem ei avklaring på situasjonen, og legg ikkje skjul på at uvissa er tung for mange.

– Eg håpar og trur vi får ein del avklaringar i løpet av dagen. Det er såpass mange gislar som har komme fri, og dei har vel ei historie å komme med, seier Norman.

Uvisse er det aller verste

– Det er det å ikkje vite som er det forferdelege med alle slike situasjonar. Dette er ikkje vettuge menneske ein har med å gjere, seier Norman.

Det er ikkje sett i verk spesielle tiltak elles i Gulen.

– Det er ikkje iverksett nokon synlege tiltak her i Gulen, men kriseteamet er varsla og rådmann og ordførar er varsla. Vi sit i grunn og ventar på utspel, seier Norman.

– Kva skal folk i Gulen gjere dersom dei treng nokon å snakke med?

– Dei kan ta kontakt med kriseleiar, og så kan ein få etablert kontakt med nokon av oss slik. Det er ikkje noko problem, seier Norman, og syner til heimesida til Gulen kommune for ytterlegare informasjon.

Snakk med folk rundt deg

Kommunen har fått streng beskjed av Statoil om å ikkje gå ut med noko informasjon.

– Vi skal ikkje ut med korkje namn eller tilstand eller noko. Vi vil dermed heller ikkje på ein måte komme i kontakt med pårørande sidan vi ikkje seier noko, seier Norman.

Han har forståing for at mange tenkjer mykje på dette.

– No har det komme mange råd på TV siste døgnet. Vi sit vel og er litt anspente alle saman, og lurer på kva svar vi får. All informasjon går via myndigheitene, så ein må berre følgje med, seier Norman.

Han peikar på at det også for vaksne er viktig å snakke med folk rundt seg.

– Ein kan snakke med vener og kjende og arbeidskameratar for å få drøfta det. Blir det tyngre enn det, må ein berre ta kontakt med helsevesenet. Vi er tilgjengelege heile tida, seier Norman.

Kriseteamet i Gulen er klare til å stille opp viss og når det vert naudsynt.

– I tillegg er dei det gjeld på Scandic hotell i Bergen og får god omsorg der. Eg tykkjer dei rette tinga har vorte gjort, og det er også svært kort avstand frå Lindås og Gulen til Bergen, seier Norman.