Hopp til innhold

Gulenordførar: Uvissa er verst

– Uvissa er den verste, seier ordførar i Gulen Hallvard Oppedal om uvissa som framleis rår kring situasjonen til dei norske Statoil-tilsette etter gisseldramaet i Algerie.

Hallvard Oppedal (Montasje)

TENKJER PÅ FAMILIEN: Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen seier uvissa er verst.

Foto: Torbjørn Selseng/Statoil

Ein mann frå Gulen er mellom dei ein frykta vart tekne som gislar av militante islamistar.

Kommunen har hatt tett dialog med familien til mannen og Oppedal seier kriseteamet i kommunen framleis står klart om det skulle bli behov for det.

– Det er vanskeleg. Det pregar oss når vi ikkje får vite. Det kjem motstridande opplysningar. Vi tenkjer først og fremst på familien, som må forhalde seg til den vanskelege situasjonen.

Militær aksjon mot anlegget

Over eitt døgn etter at militante islamistar angreip gassanlegget i In Amenas, er det framleis uklart kor mange liv som gjekk tapt og kor mange som kom frå gisseldramaet og militæraksjonen torsdag med livet i behald.

SISTE: I løpet av natta er det stadfesta at ein av dei ni Statoil-tilsette har kome i sikkerheit. Situasjonen er framleis uavklart for dei øvrige åtte som framleis er ved In Amenas i Algerie.

Det betyr at ni av dei 17 tilsette som var ved In Amenas-anlegget er i sikkerheit.

Kaotisk situasjon

Ein av dei norske Statoil-tilsette som det er uvisse kring, kjem frå Gulen.

Ordførar Hallvard Oppedal seier dei håpar på oppløftande meldingar når kaoset i Algerie har lagt seg.

– Eg trur situasjonen har vore litt kaotisk og det har vore vanskeleg å få ut opplysningar frå Algerie. Så lenge uvissa er der, håper vi at det har gått bra med dei norske som er der.

Kriseteamet i kommunen står klart om behovet skulle komme.

– Vi er klare, men er avhengige av å få informasjon frå Statoil og styresmaktene, seier han.