Hopp til innhold

Klare til å hjelpe om det trengst

Kriseteamet i Gulen kommune står klar til å hjelpe dersom det trengst i krisesituasjonen med gislar i Algerie.

Halvard Oppedal

KLAR TIL Å HJELPE: Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann frå Gulen er mellom dei norske Statoil-tilsette på anlegget i Algerie. Ordførar Hallvard Oppedal seier at det til no ikkje har vore behov for teamet.

– Vi avventar situasjonen litt ut frå dei signala som er komne. Men vi er klare dersom det trengst.

Ordføraren var i kontakt med rådmannen som er leiar i kriseteamet og med kommunelegen i går kveld.

– Vi har diskutert både i går kveld og i dag, men har valt å avvente. Statoil har eit godt kriseteam på Kokstad, og dei handterer situasjonen godt der. Men dersom nokon treng oss så er vi klare.

NRK.no var i kontakt med kona til mannen frå Gulen onsdag kveld. Då stadfesta ho at mannen er på jobb i Algerie, men at ho korkje ville eller kunne seie noko meir om situasjonen.

Totalt 13 norske Statoil-tilsette har vore involvert i terroranslaget mot gassanlegget i In Amenas i det sørlege Algerie. Fire av desse er stadfesta å vere i sikkerheit. Statoil har opplyst at ni norske arbeidarar er involvert i gisselaksjonen.

Statoil har oppretta eit telefonnummer for pårørande. Nummeret er 800 83 003.