Hopp til innhold

Nytt rekordår for Nordfjord Kjøt

Verksemda Nordfjord Kjøtt vil i 2012 passere to milliardar kroner i omsetning.

Nordfjord Kjøtt

PASSERTE TO MILLIARDAR: Slakteriet på Loen har sett ny rekord i omsetnad i 2012.

Foto: Bård Siem / NRK

Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar i Nordfjord kjøtt

REKORDÅR: Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg gler seg over eit godt resultat.

Foto: Per Thrana

I 2009 omsette NK for første gong for ein milliard kroner. Sidan då ha pilene peika sterkt oppover, og ved nyttår kan dagleg leiar Geir Egil Roksvåg sjå verksemda i Loen passerer ein ny milepæl.

– Vi har passert 2,1 milliardar i 2012. Det er veldig positivt. Vi håper vi klarer endå betre til neste år. Det skal vi klare ved å krumme ryggen og jobbe endå meir, seier han.

Det tok Nordfjord kjøt 47 år å passere den første milliarden, i 2009. Så skulle det berre ta tre år å passere milliard nummer to i omsetnad. Auken frå i fjor er på mellom 12 og 15 prosent.

– Vi reknar med å auke ganske kjapt vidare dersom alt går som vi trur, seier han.

Tøffe prisar på slaktesida

I haust var etterspurnaden etter lammekjøt så stor, at slakteria baud over kvarandre for å få tak i nok kjøt. Roksvåg seier tilgangen er knapp, men at dei får tak i nok råvarer til å halde fram veksten.

– Ja, det gjer vi, men vi kjem til å køyre tøffe prisar på slaktesida og gå veldig høgt i pris dei neste åra.

Må bli meir rasjonelle

Verksemda i Loen har i dag 250 tilsette. Og trass i ein stadig auke i omsetnaden, vil arbeidsstokken truleg ikkje auke.

– Det viktigaste for oss for å overleve framover. Vi må rasjonalisere og gjerne blir færre, men med større omsetnad. For å klare dette, må vi investere i meir rasjonelt utstyr, seier han.